onsdag, juli 12, 2006

Another day on Aukra

Som de ser er det nesten ei veke sidan eg sist la igjen signatur på bloggen. Eg kunne jo alltid ha kome med daglege oppdateringar om livet her på Ormen Lange Main EPC Project, men med omsyn til dei som synest dette er noko treig litteratur, har eg valt å la vere. Dessutan er tolv timar på jobb kvar dag nok til å fylle opp den personlege jobb-preik kvoten min.

Eg kan heller fokusere på at eg no er nesten halv-vegs på rotasjonen, noko som betyr at det er litt over ei veke igjen til utsjekking frå brakka. Litt over ei veke til den litt etterlengta ferien som i år vart ei par månadar forskyve.
Dersom det er nokon som trur at eg allereie driv med nedtelling på dagar, etter berre tre veker i ny jobb, kan ta det med ro. Livet på Aukra er upåklageleg, både på jobben og elles. Maten er bra, utanom eit par grove tilfelle av laks og ein annan fiskerett som var heilt uråd å definere. Desse rettane er sjølvsagt berre til å gå klar dersom dei igjen skulle verte på menyen. Kan også nemnast at overgangen frå Grandiosa/kebab-party i Bergen, til potetmiddag kvar dag, er fysiologisk merkbar.

Eit heilt anna tema, som eg helst ikkje har lyst å ta opp, er Sting-konserten på Koengen i Bergen 17.juli, som lenge har stått på ynskjelista over "eg-vil-på-konsertar"

Ja, eg er ferdig å jobbe den 20.juli. Nei, eg kan ikkje gå på konserten. Ja, eg har to billettar som etter ei litt hektisk avreise vart attgløymd på Stord. Desse befinn seg no ein stad mellom Stord og Trondheim, og er diverre klare til å sendast til ein ny eigar.

Så, viss nokon kunne tenkt seg ei framifrå fin konsertoppleving i Noregs beste kulturby, ta gjerne kontakt med underteikna for meir informasjon. Pris kjem me fram til etter nærare avtale, eller vennepris om du vil.

Stay cool - Behave as never before - Stay Young

Over og ut

torsdag, juli 06, 2006

Ei veke går fort

Då var me på plass igjen oppe på Aukra. Skal innrømma at ei veke avspassering kanskje var i minste laget. Overgangen frå vannski i Bømlafjorden til anleggs- og brakkeriggar kor långt auga kan sjå, er noko i drøyaste laget. Godt var det då at lågtrykksteorien min svarte godt med forventningane mine. For akkurat i skrivande stund tordnar, smell og høljar det ned rett utanfor vindauga mitt. Vonar at det held seg slik, ja, i cirka 14 dagar.

Ellers kan det nemnast at det kræsjlanda ei humle rett under auga på meg då eg var ute å jogga i stad. Greit nok det, alle kan gjera feil av og til. Men var det naudsynt å fly med bakpartiet først, slik at det einaste naturlege å gjera var å fyre av ein salve med gift? Eg stiller meg heilt uforståande til slike handlingar, og har ikkje medkjensle med humla som truleg endte sine dagar i fjeset mitt.









© Norsk Hydro

tirsdag, juli 04, 2006

The sun is shining and I`m feeling allright

Nok ein framifrå fin dag her på vestlandet. Etter å ha tilbrakt nokre dagar på Bømlo, er eg no attende på sumarøya Stord for å vere der fram til torsdag. Etter det går turen opp til Aukra utanfor Molde, der eg skal vere i 14 dagar, og jobbe 12-timars dagar. Går alt etter planen kjem det altså inn eit lavtrykk långs kysten på torsdag, som held seg der fram til torsdag den 20.juli

Dagen er enno heilt i startfasen, og blir på noverande tidspunkt tilbrakt ute i hagen. Til dei som synest at plenen er i lengste laget, og treng klyppast, har eg bare ein kommentar; Den skal etter alt å døme takast i morgon. Kva som skjer utover kvelden er enno uvisst, men underteikna har lagt inn forslag på grilling og diverse sumaraktivitetar, som han vonar vert gjennomført.















Hagen vår

Min andre blog

Til mi store øverasking sit eg faktisk her å skriv ny blog, allereie 1 dag etter at blogen vart oppretta. Eg kan ikkje anna enn å feire det med eit glas med litt sliten fanta, og nokre Dumle slikkepinnar som mamma garantert har øyremerka nevøane mine, og ikkje underteikna. Slike frihetar har eg gjeve meg disposisjon til å ta, då eg for tida er heime åleine.

Når det er sagt, var det altså basar på familegården på Bømlo i går. Frå no av vert denne plassen kalla Klubben, som den altså heiter. Ikkje uventa kom eg ein halv time for seint, etter å ha kjøpt inn nokre flotte premiar på Shell på Heiane. I Klubben var det samla mykje folk, både stort og smått, og var primært ulike greiner av familien Fauskanger, utanom to-tre familiar. Når eg tenke meg litt om, var vel eg den einaste som ikkje hadde med meg to eller tre av mine eigne ungar. Dette satt meg i den posisjon at eg vart plassert til å halde oversikt over eit ukjent antall av årar som tilhøyrte ulike personar.

Etterkvart som basaren kom i gang, og eg sat med kanskje 40-50 % av antal seldte årar, vart innstrøymninga på gevinstar til underteikna noko over normalen. Det heile utvikla seg til å bli ein smule pinleg, der onkel Kjell Magne stakk av med både snop, fargeblokker, legoklossar osv. Ting som kanskje har det betre hos den yngre garde.

Godt var det for underteikna at dei respektive vinnarane til slutt henta gevinstane sine, og det virka som dei fleste var nøgde med resultatet. Eg sat igjen med ei eske med Lego, som eg hadde vunne på ei av mine egne årar.

På tross av ein litt hektisk start med mykje ansvar, vart dette ei flott oppleving, der det kom inn over 2400 kr til misjonsprosjekt i Bolivia. I forbindelse med dette vonar eg at pengane vert godt nytta, og gjev NLM det vidare ansvaret.

søndag, juli 02, 2006

Min første blog

Jepp, då har eg og faktisk hive meg på blogginga eg og. Trudde vel egentlig at det ikkje var noko for meg, og det er det kanskje ikkje heller.. Har prøvd meg litt på msn-en, og det gjekk jo heller dårleg. Så me får bare gje denne blodspoten ein liten sjanse, kan jo vere at eg brått blir hekta eg og, sjølv om det er mykje som seier det imot... Tålmodet mitt når det gjeld skriving har sine begrensingar, spesielt når det gjeld om meg sjølv, og det er det sikkert nokre som har fått med seg.

Ok, me får prøva å publisera denne artikkelen, og sjå korleis det vert sjåande. Må egentlig stikka om få straksar. Skal vere basar på familiegården, og underteikna har fått grei beskjed om å stille opp, gjerne med nokre gevinstar og...