tirsdag, oktober 07, 2008

" No må me hiva oss på krykkjene "

Du har høyrt det før, og har kanskje allereie adoptert det inn i vokabularet ditt. Me snakkar sjølvsagt om det folkekjære uttrykket: ” no må me hiva oss på krykkjene ”. Heilt til no nyss har tydinga for underteikna vore noko metaforisk, og somme har kanskje hevda i lengre tider at det har vore i overdreven bruk, noko underteikna sjølvsagt stiller seg uforståande til. Om det ikkje er så svært, men som likevel kan nemnast, er det vel mogleg at etter den skjebnesvangre fotballtreninga i Bingen på Mannsverk – der utfallet vart 6 veker på krykker, vil det vel tjene saka at det brått vart eit mykje meir naturleg og bokstaveleg uttrykk å bruke enn nokosinne.

Likevel må eg sjølvransakande seie, dersom ein skal gå uttrykket i saumane, at når det først vart omgjort frå ein metafor til ein definert aktivitet, kunne eg heller liksom ikkje seie ”no må eg hiva meg på krykkjene” dersom eg berre skulle til dømes ut å gå ein tur. Nei, då følte eg at uttrykket fortente ein meir konkret og tilpassa situasjon. Etter litt fundering, kom svaret som lyn frå klar himmel då eg var ute ein liten tur for å poste eit brev. For i dét eg skulle kryssa hovudvegen, ikkje langt unna Bingen, merka eg brått at eg var på veg ut i vegen utan å ta omsyn manglande gangfelt eller kryssande bilar - heilt etter gamal vane. Når eg då i sidesynet mitt såg at det nærma seg ein bil faretruande frå høgre, var det berre ein ting å gjera. Jo nettopp, å ” hiva seg på krykkjene ”. Meir konkret og reélt kan ein ikkje få det, og eg følte der og då at uttrykket kom til sin sanne rett, sjølv om eg i etterpåklokskapens namn truleg ikkje kjem til å gjera det igjen - det kan jo nemnast.

11 Comments:

Anonymous Anonym said...

Sanneleg, du kan godt seia at uttrykket kom til sin rett. Eg må likevel få presisera at det ikkje stemmer heilt. Å hive seg (å kaste seg over noko/nokon) er vel meir som når ein målmann hiv seg etter ein fotball. Eller ein ung elskar som hiv seg over a) senga og b) elskarinna. Eller, som i dette dømet, ein skadd hypokonder som hiv seg over eit par (til dømes liggjande) krykker. Problemet er at ein ikkje kan hiva seg over krykker ein held med hendene. Eller kan ei det? Takk, Baard, for at du er attende på veven.
Abeonym

hjelpstord.blogspot.com

9:56 p.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Det var raskt attendemelding frå Abeonym, og så utan noko form for beskjed på facebook’en. Imponerande! Må likevel arrestere deg her. Her snakkar me ikkje hive seg over noko/noko. Me snakkar om å hive seg på. Stor forskjell. Kor tid fekk forresten over og på same tyding? Det er sant at krykkene var i henda då eg heiv meg på dei. Likevel fekk krykkene ein heilt annan funksjon enn vanleg krykk-gange, og overgangen i dette tilfellet var å hive seg PÅ dei.

12:17 a.m.  
Anonymous Anonym said...

No kunne eg godt kritisert kritikken din for kritikkens eiga skuld. Det gjer eg ikkje. Eg kritiserer heller heile innlegget ditt. Eg ser du er ute av form om dagen. Før i tida kunne du diska fram innlegg som «Grandis, kebab, kaffi», «Tørrpreik» og «CD-samlinga mi» – innlegg som førte til ein konstruktiv og livleg debatt. «No må me hiva oss på krykkjene» er på ein måte ferdigskrive og ferdigdebattert før du i det heile har fått publisert det.
Abeonym

4:54 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Greit nok, at det er forskjell på å hive seg "over" og "på" krykkene. Spørsmålet er vel egentlig om mann kan hive seg selv i det hele tatt?
Mulig man kan se litt stort på det, altså godta at hive, slenge, kaste kan være en bevegelse mann utfører for å flytte kroppen fra ett punkt til ett nytt. Fra A til B som noen velger å si. Men hive, slenge, kaste er vel alle ord som beskriver en aktivitet utført med "handamakt". Man kan vel ikke kaste noe med foten for eksempel? Da heter det, å sparke. Poenget mitt er at det vil være vanskelig å hive noe på krykkene når man allerede holder i dem. Man sitter eller ligger vel egentlig aldri "på" krykkene heller, prøv heller en gåstol. Min bestemor har ett utmerket eksemplar av arten, der man i tillegg til å støtte seg til den mens man går, også kan sitte på den om man trenger litt ekstra hvile.
Lykke til.

1:53 p.m.  
Anonymous Anonym said...

NYTT INNLEGG ASAP!! Dette er ett krav som vokser i folket! snart står vi på døren å banker på, mens publiken takfast roper blog blog blog blog blog blog....
Å då kjære venn er det forsent og hipe seg på/over eller under krykkene. Du kan ikke egang løpe å gjømme deg bak felgene i kjelleren. Folkets sult må mettes. Den verdsvevsnarkomane må få sitt (lese)stoff.. For oss kjelly, vi er i abstinens..

6:55 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Etter å med stor interesse ha lese Kjell Magne Fauskanger sitt blogginnlegg med tilhøyrande kommentarar, må eg medgje at eg ikkje har særleg mykje kritikk å komma med. Somme vil då kanskje undra seg over kvifor eg då vel å skriva eit innlegg på slik ein veletablert arena for kritikk, som Behave as never before etter kvart er blitt kjend som.

Årsaka er at eg gjerne vil leiga inn K.M. Fauskanger og krykkjene hans. Desse kan han få hiva seg på til Svaneviksveien 60, der han så kan få hiva krykkjene på ungdomsnaboane som speler untz-untz-musikk i kjellaren min døgnet rundt.

Vonar på positivt svar; løna kan me komma tilbake til.

1:21 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Tommelen opp for Rexonym sin untz-untz-frustrasjon. Kan innehavar av blogg og krykker gå inn i den alfabetiske cd-samlinga si og finna fram noko anna ein untz-musikk? Platene kan leverast hos dei nemnde naboane i ettermiddag. Du kan ta med kva som helst, men ikkje rør Dagsland- og Myntevikplatene dine.
Abeonym

PS! Kurt Nilsen-plata kan og få liggja i fred i cd-samlinga.

3:11 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg stemmer for å hiva krykkjene og gå på vannet.
Nytt innlegg taes i mot med takk.

12:23 p.m.  
Blogger Team (K)analbloggen said...

Ville barra sei at du har fått deg ein skikkelig konkurrent, Kjelli. Nå hjelpø det ikkje å hiva seg på krykkene, farr!

12:27 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Korleis er Bosslo kjellemann? Kan du unna oss ein tilstandsrapport?

1:22 p.m.  
Anonymous Anonym said...

på tie med eit nytt innlegg?

9:46 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home