lørdag, mars 10, 2007

Grandis, kebab, kaffi

Hmm…tenkjer du no kanskje. Var dette det beste han kom på å skrive om etter eit så langt opphald i skrivinga? Har behaveasneverbefore.blogspot utspelt si rolle når han må ty til skriblerier som dette? Går dette mot slutten på ei kort, men innhaldsrik bloggkarriere?

Vel, det var det første eg kom på. For kva hadde vel livet vore utan? Me snakkar her om tre grunnpilarar som har mykje å seie for mange. Alle har nok eit forhold til ein av dei, mens nokre har eit like sterkt forhold til alle tre.

Ein ting er i alle fall sikkert; dei er alle kome for å bli, og me ser stadig produkta i nye drakter, sjølvsagt for å få oss som slit kreativiteten rundt matlaging til å fortsette å velge det enkle.
Nokre tankar rundt synlegheita til produkta er med dette på sin plass.

Grandisen er nok den beste guten i klassen når det gjeld å marknadsføre seg sjølv. Spesielt på tv. Etter litt testing att og fram av ulike variantar, ville leiinga i Grandiosa Norge at me skulle snakka laurdagspizza for ein periode. Ekte kjærleik vart det sagt. Lang og god tv-reklame med enkel og fengjande melodi fekk liv i den norske folkesjela, som til slutt førte til alle fekk ein ny song i repertoaret sitt. Ny reklame og ny melodi er no på god veg inn til den same målgruppa, altså alle. Og denne gongen snakkar me full pakke. Ja, kvifor ikkje? Ein pizza med alt, alle blir nøgde, og me kan ete den kvar dag utanom laurdag, for då fins det ein jo ein heilt eigen. Eller er biletet litt meir nyansert? For har nokon eigentlig smaka ein av desse to variantane utan annan hensikt enn for å berre teste den ut?

Kebab er vel det me kan kalla ein tungvektar innan orientalsk fastfood. Sjølve marknadsføringa av produktet skjer noko meir i det skjulte enn for kaffi og grandis. Likevel kan ein gå med eit sterkt behov for ein bab etter ein rusletur gjennom byen, der ein støyter på det eine fristande kebabtilbodet etter det andre. Også her kan du få full pakke om du vil, men vær obs på at då vil du og dei rundt deg få oppleve den imponerande overlevingsevna som kvitløksånden har. Somme hoppar over kebaben av reint prinsipp, andre kan gjerne ta bilen å køyre dei ekstra kilometrane som trengs for å få servert den beste kebaben. Utan å prøve å sette kebab og grandis opp mot kvarandre, får dette meg likevel til å undre: Er kebab blitt eit like folkeleg innslag som grandisen?

Kaffi er fortsatt den enklaste drikken å lage av dei koffeinhaldelege drikkane. Og dette er nok ein av grunnane til at det stort sett er råd å få tak i kaffi nærast over alt. Kjem du frå Bergen drikk du Frielle, kjem du frå ein annan plass drikk du også Freille. Me drikk kaffi for å halda oss vakne, fordi me ikkje klarar oss utan, eller berre for å vera kule. Eit uhorveleg stort utval av variantar får somme av oss til å halde oss til den tradisjonelle varianten, laga av ein god gamal traktar. Og det munnar ut i eit spørsmål eg har tenkt på ei stund, og blir samstundes ei verdig avslutning på denne dagens innlegg: Smakar kaffien eigentleg betre med ein runde kaffirens?