tirsdag, juli 04, 2006

Min andre blog

Til mi store øverasking sit eg faktisk her å skriv ny blog, allereie 1 dag etter at blogen vart oppretta. Eg kan ikkje anna enn å feire det med eit glas med litt sliten fanta, og nokre Dumle slikkepinnar som mamma garantert har øyremerka nevøane mine, og ikkje underteikna. Slike frihetar har eg gjeve meg disposisjon til å ta, då eg for tida er heime åleine.

Når det er sagt, var det altså basar på familegården på Bømlo i går. Frå no av vert denne plassen kalla Klubben, som den altså heiter. Ikkje uventa kom eg ein halv time for seint, etter å ha kjøpt inn nokre flotte premiar på Shell på Heiane. I Klubben var det samla mykje folk, både stort og smått, og var primært ulike greiner av familien Fauskanger, utanom to-tre familiar. Når eg tenke meg litt om, var vel eg den einaste som ikkje hadde med meg to eller tre av mine eigne ungar. Dette satt meg i den posisjon at eg vart plassert til å halde oversikt over eit ukjent antall av årar som tilhøyrte ulike personar.

Etterkvart som basaren kom i gang, og eg sat med kanskje 40-50 % av antal seldte årar, vart innstrøymninga på gevinstar til underteikna noko over normalen. Det heile utvikla seg til å bli ein smule pinleg, der onkel Kjell Magne stakk av med både snop, fargeblokker, legoklossar osv. Ting som kanskje har det betre hos den yngre garde.

Godt var det for underteikna at dei respektive vinnarane til slutt henta gevinstane sine, og det virka som dei fleste var nøgde med resultatet. Eg sat igjen med ei eske med Lego, som eg hadde vunne på ei av mine egne årar.

På tross av ein litt hektisk start med mykje ansvar, vart dette ei flott oppleving, der det kom inn over 2400 kr til misjonsprosjekt i Bolivia. I forbindelse med dette vonar eg at pengane vert godt nytta, og gjev NLM det vidare ansvaret.