søndag, november 26, 2006

Agurknytt

Heller ikkje idag vil eg kome med noko krast og kritisk innlegg til samfunnsdebatten. Eg har meir trua på solskinnshistoriar og lettfordøyeleg agurknytt.
Ikkje at eg har noko av det heller å tilby idag, men i alle fall ein liten oppdatering kan eg no hoste opp.

Er for tida på jobb på den ikkje heilt sentrale plassen Aukra. Der har eg til no vore nokre dagar, og skal vere her ein del dagar til. I forbindelse med at det nærmar seg jul, vart det i går arrangert julebord for alle dei 3000 personane som jobbar her. Det var ikkje få rettar ein kunne velge i, men personleg konsentrerte eg meg om pinnekjøttet, som eg meinar altfor få åt av. Ikkje veit eg kvifor, det er jo tross alt den aller beste julematen ein kan få tak i, og her kan eg faktisk ikkje inngå kompromiss. Når eg ser attende på det, åt eg så mykje at juletallerkenen med fordel kunne vore redusert med ein eller fleire pinnar samt ein del kolrabistappe. Men slikt går aldri inn, kjem med god sikkerhet til å gå på same smellen fleire gongar til før me rundar nytt år. Det mest kritiske vert nok heime hos mor på julaafta. Makan til pinnekjøtt med tilbehør skal ein leite lenge etter, og eg trur faktisk ikkje det fins heller. No er ikkje eg noko kokk, og eg skal heller ikkje påstå at dersom eg hadde vore ansvarleg for ein julemiddag, ville det blitt ein ubetinga suksess. Men er ikkje kolrabistappa fyldig nok og pinnekjøttet rett salta, er lutefisk eit like godt alternativ. Og då er me plutseleg inne på debatten om lutefisk er ein akseptabel julemiddag. Men den debatten skal eg ikkje ta no, no skal eg faktisk snart sove. Tok feil angåande innlegget mitt, det vart nok lettfordøyeleg agurknytt som vart servert i dag. Me blogges.

onsdag, november 15, 2006

Eg hugsa å gå til tannlækjaren




Ja, då sitte eg her med følelsen over at det einaste konkrete beviset eg hadde igjen på at eg var vis, er no teke i frå meg. Samstundes er det lite med følelse i stort sett heile venstre halvdel av fjeset. Både tunge, nase og området bakover logga ut for ein god periode, men er no på veg attende, med ein liten dose smerte med seg. Brått og brutalt blei to rakkarar, som ikkje heilt klarte å vekse rett opp slik som dei skal, fjerna i frå venstre side oppe og nede, heilt bakerst i tanngarden. Sjølve trekkinga gjekk vel egentlig greit føre seg, og tannlækjaren let vel over evna mi til å takle situasjonen som ein mann. Faktisk syntest han at alt hadde gått så bra (gjorde også eit par andre justeringar, uten bedøvelse!) at han gav meg ein kompentasjon som dekka nesten heile straffegebyret for førre ikkje-møtte-opp-time. Likevel er det ikkje gratis med tannlækjarbehandlig i ein time, det kan nemnast. Jaja, no som all visdom er tappa ut av meg, får me berre spele på sjarmen i fortsettelsen, veit ikkje noko anna råd eg. Over og ut

mandag, november 13, 2006

Kjell Magne lagar blogg



Etter ei veke på østlandsturne er eg no attende i Bergen igjen. Byen som eg faktisk bur i, men har knapt nok vore i sidan eg byrja å jobba i juni. Årsakene til det er fleire, men går hovudsakleg ut på at eg jobbar i Molde i 14 dagar, medan dei 21 fridagane har blitt nytta til reising både her og der. Og no sist, ein tur til Oslo og Brumundal som gjekk med til å besøke vener og familie. Mykje kaffi vart det, noko som gjorde godt i det kalde østlandsklimaet. For alle interesserte (trur det er berre eg som les denne bloggen, så dette vert nok mest ei påminning til meg sjølv) skal eg altså vere her i byen til laurdag, før turen går vidare til Stord og miniturne med Superbravo Band, som for øvrig i den samanheng slepp ut ep-en "Joanna". No kom eg også på at eg har time hos tannlækjaren på onsdag, der trekking av to visdomstener står på programmet. Den førre timen fann egentlig stad sist måndag, men då låg eg å purka og sov - i Oslo. Det kosta underteikna 600 kr, hadde jo sjølvsagt bestilt dobbelt time, me leikar jo ikkje butikk her. Spennande å sjå her kva eg er i stand til å skrive om meg sjølv. Må vere ein kombinasjon mellom ein noko overtrøytt kropp, og vissheten om at eg har ryggrad til å takle eventuell slibrige kommentarar. Trur likevel eg må ta kvelden her, har mange koppar kaffi som skal drikkast i morgon.

Vyrdsamt

-Kjell Magne

lørdag, november 11, 2006

Far min lagar sursild










Det nærmar seg julehøgtid, noko som også betyr at årets julemesser/basarar er godt i gang. For oss som har fått denne tradisjonen inn med morsmjølka, veit også at slike tilskipingar krev ofte mykje forarbeid, og at mange personar er i sving. Heime på Stord har NLM si årlege julemesse denne helga, og i år som før er begge foreldra mine engasjerte. Når det gjeld far min sitt bidrag vert grovarbeidet utan unnatak utført på førehand av messa, ofte to-tre dagar før. I år samla han gjengen på torsdag, tradisjonen tru heime på kjøkenet på Ådland. Det vart i fjor skrive eit lyrisk innslag som er til dels beskrivande for kva som går føre seg dei hektiske timane med nøyaktig handtverkararbeid.

Far min lagar sursild

Lauva fell frå trena
Og det byrjar å bli surt
Inne står han far
Kikkar ut og smiler lurt

I ei bøtte ligg det 15 sild
Han sjølv har plukka ut
Han tek dei varsomt opp
Og tørkar dei med klut

Brått ringer det på døra
Han slepp dei begge inn
Per og Jostein er på plass
Let the game begin

Far min skjærer løk
Og legg dei fint i ringar
Dette er ikkje noko jobb
For den med grøne fingrar

Når far min lagar sursild
Er det far min som er kongen
Mor må fint gå ut
Ho veit godt det er sildesesongen

Når far min lagar sursild
Står verda nærast stille
Vert ikkje laken bra
Kan dette gå verkeleg ille

Men far min taklar presset
Og smakar litt forsiktig
Pustar letta ut
Han visste sennepsfrø var viktig

På kjøkenet dei jobbar
Utan noko pause
Far min køyrer hardt
Ingen trådar her er lause

Tjue glas med sursild
Var det dei måtte lage
Tjue glas med dynamitt
For den med følsom mage

Det er tidleg i november
Men far min smiler lurt
Årets sildalag er over
Medan kjøkenet luktar surt