onsdag, juli 12, 2006

Another day on Aukra

Som de ser er det nesten ei veke sidan eg sist la igjen signatur på bloggen. Eg kunne jo alltid ha kome med daglege oppdateringar om livet her på Ormen Lange Main EPC Project, men med omsyn til dei som synest dette er noko treig litteratur, har eg valt å la vere. Dessutan er tolv timar på jobb kvar dag nok til å fylle opp den personlege jobb-preik kvoten min.

Eg kan heller fokusere på at eg no er nesten halv-vegs på rotasjonen, noko som betyr at det er litt over ei veke igjen til utsjekking frå brakka. Litt over ei veke til den litt etterlengta ferien som i år vart ei par månadar forskyve.
Dersom det er nokon som trur at eg allereie driv med nedtelling på dagar, etter berre tre veker i ny jobb, kan ta det med ro. Livet på Aukra er upåklageleg, både på jobben og elles. Maten er bra, utanom eit par grove tilfelle av laks og ein annan fiskerett som var heilt uråd å definere. Desse rettane er sjølvsagt berre til å gå klar dersom dei igjen skulle verte på menyen. Kan også nemnast at overgangen frå Grandiosa/kebab-party i Bergen, til potetmiddag kvar dag, er fysiologisk merkbar.

Eit heilt anna tema, som eg helst ikkje har lyst å ta opp, er Sting-konserten på Koengen i Bergen 17.juli, som lenge har stått på ynskjelista over "eg-vil-på-konsertar"

Ja, eg er ferdig å jobbe den 20.juli. Nei, eg kan ikkje gå på konserten. Ja, eg har to billettar som etter ei litt hektisk avreise vart attgløymd på Stord. Desse befinn seg no ein stad mellom Stord og Trondheim, og er diverre klare til å sendast til ein ny eigar.

Så, viss nokon kunne tenkt seg ei framifrå fin konsertoppleving i Noregs beste kulturby, ta gjerne kontakt med underteikna for meir informasjon. Pris kjem me fram til etter nærare avtale, eller vennepris om du vil.

Stay cool - Behave as never before - Stay Young

Over og ut