fredag, januar 19, 2007

Førjulsjulekozmimring

Eg ser at Abe etterlyser eit nytt agurknytt, noko han har sagt ifrå i både skriftleg og munnleg form. Eg er jo sjølvsagt ikkje verre på det at det skal ha få, og blir mitt bidrag til traurige dagar ved redaksjonen i Forsvarets forum. Faktisk er eg litt overraska sjølv over at det har teke så lang tid før eg satt meg ned med pennen og skriveblokka igjen. Det har jo i alle fall ikkje mangla på stoff som fint ville ha fått innpass på bloggen. Som mange sikkert har sjønt slepp redaksjonen her gjennom det meste, men sjølvsagt innanfor rimeleghetens grenser, la det vere sagt.

Som annonsert i førre innlegg vart det altså skipa til ein liten Førjulsjulekoz i Kirkegaten på ein flott vinterkveld før jul. Ein stad mellom 20 og 30 personar tok turen innom, noko som arrangementkomiteen vart svært nøgde med. At ingen av desse kom nøyaktig på slaget kl 19, eller var kledd i enten raudt og grønt, la sjølvsagt ingen dempar på stemninga. Kirkegaten 10 var i seg sjøl så fint pynta og dekorert at julestemninga kom heilt av seg sjølv.

Forutan dei obligatoriske elementa som gløgg, peparkaker og mandariner, hadde komiteen i år som før egne bakverk å skilte til. Av dette kan ein nemne både julemenn og riskaker. At det vart laga 114 sjokoladeriskaker, men at berre maks 30 vart etne opp, kan berre tyde på ein ting; riskaker var tydlegvis meir populært før i gamle dagar, då egentlig alt var så mykje betre. Elles fekk resten av den enkle bevertninga bein å gå på, og me kunne registrere at kassen med assorterte mandariner forsvann som dugg frå solen.

Kvelden i Kirkegaten blei elles prega av både lyriske og musikalske innslag. Dei lyriske linjene var henta i frå arkivet, nærare bestemt poesi skrive av klasse 4b-6b ved Hystad Skule i perioden 1990-1992. Der var blant anna underteikna, Solveig Lønning og Brekkasen elevar. Dikta som vart framført belyste ulike temaer som surrealisme, vinter og vår, og gav også trening i metaforbruk og dobbelkonsonantar. Dikta vart sjølvsagt lest opp av forfattarane sjølve. Musikk vart framført av Hanne Marthe & co, St.Morrtitz, Trygve Eiken, Andy Bjordal og Superbravo Band som avslutta kvelden med ein flett ny brann-sang.


Animal andikk


St.Morritz


Trygve Eiken

11 Comments:

Blogger Kjell Magne said...

Så bra at du likte artikkelen, pseven1982. Set pris på at du tok deg tid til å lese den. 5000 dollar virkar fristande, men eg trur eg står over. Dette gjeld også til deg, zgq1984.

1:22 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Endelig, Kjell Åge! Endelig publiserte du ein rykande "fersk" blogg! Takk for eit vellukka arrangement.
Ser du manglar bilete av den, truleg, største stjerna som var til stade. Men kvifor henga seg opp i slik flisespikkeri?
Dei to nye venene dine, pseven1982 og zgq1984, synes eg er mistenksame. Du bør ikkje tilbringa så mykje tid med dei.
Til slutt vil eg minna om at eg fekk eit lasteplan over den venstre vrista mi her forleden dag. Smerten brølte gjennom heile kroppen. Foten vart paddeflat og blodet spruta. Men eg beit tenna saman og gjekk opp på scenen for å syngja. The show must go on, som han sa, ein. Ikkje akkurat fjerning av visdomstann, for å seia det slik.
Eg får ikkje håpa du må oppleva slik smerte. Aldri.
Klemz!

5:42 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Very good article,If you want to earn 5,000 dollars, please visit my blog, the very good fortune make moneyinformation

12:52 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Is it true that you can earn that much money in one week? I really have to try this. Thanks for your offer, rexbravo1983, you must be a very handsome man.

4:29 p.m.  
Anonymous Anonym said...

I've tried this, but I didn't make no dough. rex1983 is just one of these spam-fellows that circle around on the internet. Don't listen to him. That's my advice! I think the payment from his band is so bad that he have to fool his friends with offers like this. Kind of. For it.

11:29 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Se der se der.. fin fin mimrestund her på kjellibloggen.. at eg e representert på hele to bilder anser eg som svært vennlig av deg kjellemann.. Mn eg har jo en mistanke om at det er fordi eg var den eneste iført noe i nærheten av korrekt farge(grønn genser)!
Ellers vil eg gratulere med alt om er nytt:) Hurra hurra...

12:08 a.m.  
Anonymous Anonym said...

I really don't know what to do. Thought rexbravo1983 was my friend, but I'm not sure anymore. I'm just gonna wait until my
ramshackle-sounding band are getting really famous. Then we are talking money! Stay cool!

12:25 p.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Sjølvsagt måtte dei som hadde kledd seg riktig bli kreditert for dette, skulle jo berre mangle. Dessutan ville jo ikkje kvelden blitt den same utan christmas-rockevoice og perkusjonistisk krydder, servert frå vår eigen becomming rockstar. Takkar for gratulasjonar, er greit å vere meg for tida. Snakkes på øving.

12:38 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg stiller meg uforståande til denne rexbravo1983... Må vera ein som gir seg ut for å vera den ordentlige Rex, fyren snakkar jo ikkje norsk ein gong! Sannsynlegvis er det denne karen her som har vore på ferde: http://www.myspace.com/rexbravo

Rex B

4:39 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg stiller meg uforståande til denne rexbravo1983... Må vera ein som gir seg ut for å vera den ordentlige Rex, fyren snakkar jo ikkje norsk ein gong! Sannsynlegvis er det denne karen her som har vore på ferde: http://www.myspace.com/rexbravo

Rex B

4:40 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg stiller meg ikkje uforståande til rexbravo1983. Dette linkar han. Han har alltid vore ein bajas! Denne Baard Bravo (myspace.com/baard) derimot. Han kan nok diskuterast.

1:06 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home