lørdag, mars 10, 2007

Grandis, kebab, kaffi

Hmm…tenkjer du no kanskje. Var dette det beste han kom på å skrive om etter eit så langt opphald i skrivinga? Har behaveasneverbefore.blogspot utspelt si rolle når han må ty til skriblerier som dette? Går dette mot slutten på ei kort, men innhaldsrik bloggkarriere?

Vel, det var det første eg kom på. For kva hadde vel livet vore utan? Me snakkar her om tre grunnpilarar som har mykje å seie for mange. Alle har nok eit forhold til ein av dei, mens nokre har eit like sterkt forhold til alle tre.

Ein ting er i alle fall sikkert; dei er alle kome for å bli, og me ser stadig produkta i nye drakter, sjølvsagt for å få oss som slit kreativiteten rundt matlaging til å fortsette å velge det enkle.
Nokre tankar rundt synlegheita til produkta er med dette på sin plass.

Grandisen er nok den beste guten i klassen når det gjeld å marknadsføre seg sjølv. Spesielt på tv. Etter litt testing att og fram av ulike variantar, ville leiinga i Grandiosa Norge at me skulle snakka laurdagspizza for ein periode. Ekte kjærleik vart det sagt. Lang og god tv-reklame med enkel og fengjande melodi fekk liv i den norske folkesjela, som til slutt førte til alle fekk ein ny song i repertoaret sitt. Ny reklame og ny melodi er no på god veg inn til den same målgruppa, altså alle. Og denne gongen snakkar me full pakke. Ja, kvifor ikkje? Ein pizza med alt, alle blir nøgde, og me kan ete den kvar dag utanom laurdag, for då fins det ein jo ein heilt eigen. Eller er biletet litt meir nyansert? For har nokon eigentlig smaka ein av desse to variantane utan annan hensikt enn for å berre teste den ut?

Kebab er vel det me kan kalla ein tungvektar innan orientalsk fastfood. Sjølve marknadsføringa av produktet skjer noko meir i det skjulte enn for kaffi og grandis. Likevel kan ein gå med eit sterkt behov for ein bab etter ein rusletur gjennom byen, der ein støyter på det eine fristande kebabtilbodet etter det andre. Også her kan du få full pakke om du vil, men vær obs på at då vil du og dei rundt deg få oppleve den imponerande overlevingsevna som kvitløksånden har. Somme hoppar over kebaben av reint prinsipp, andre kan gjerne ta bilen å køyre dei ekstra kilometrane som trengs for å få servert den beste kebaben. Utan å prøve å sette kebab og grandis opp mot kvarandre, får dette meg likevel til å undre: Er kebab blitt eit like folkeleg innslag som grandisen?

Kaffi er fortsatt den enklaste drikken å lage av dei koffeinhaldelege drikkane. Og dette er nok ein av grunnane til at det stort sett er råd å få tak i kaffi nærast over alt. Kjem du frå Bergen drikk du Frielle, kjem du frå ein annan plass drikk du også Freille. Me drikk kaffi for å halda oss vakne, fordi me ikkje klarar oss utan, eller berre for å vera kule. Eit uhorveleg stort utval av variantar får somme av oss til å halde oss til den tradisjonelle varianten, laga av ein god gamal traktar. Og det munnar ut i eit spørsmål eg har tenkt på ei stund, og blir samstundes ei verdig avslutning på denne dagens innlegg: Smakar kaffien eigentleg betre med ein runde kaffirens?

29 Comments:

Anonymous Anonym said...

endeleg kom det eit nytt blogginnlegg frå redaktøren. svært etterlenkta.

du velgjer eit tema som truleg har eit stort nedslagsfelt i kjerna av bidragsytarar i dette forumet. personleg har eg nytta meg av samtlege av dei tre herlegheitane i helga. på laurdag hadde eg besøk av abe, og eg lot han velgja middagsmeny. han gjekk, ikkje uventa, for grandis. kaffe blir sjølvsagt konsumert etter eit slikt herremåltid, og kva er vell ein laurdagskveld utan ein deilig kebi. denne gong falt valget på Ali Baba (ein av bergens mange flotte kebabresturantar).
du ser at kosthaldet mitt er svært gjennomtenkt og passar perfekt inn i treningsopplegget mitt. både kosthald og trening er grådig viktig for å bevara helsa, og slik det ligg ann no kan det sjå ut til at eg kjem til verta 150 år før årane glir ut av åregafflane og flyt inn i solnedgangen.
når det kjem til kebibransjens reklameakivitet, kan abe og underteikna opplyse om at dei stadig går nye vegar. du kan blant anna no få kjøpt relativt tøffe kebi-t-skjorter hos Ali Baba. du får ei flott skjorta med logo og telefonnummer for gibortsummen av 20 bolls. personleg trur eg at desse skjortene kjem til å feia over motebransjen som ein farsott. utan tvil eit plagg ein kjem til å sjå mykje i vår. er det lov til å drauma om tøffe friele-t-skjorter? kanskje med bilde av Herman bare iført ordførarsmykket sitt. det hadde vore noko? eg vil oppfordra alle til å komma med gode idèar om flotte friele-t-skjortemotiv. den beste idèen vinn ein påse friele kaffe.

1:12 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hei, bloggvener!
Akkurat no sit eg i sofaen til Monty (mannen som har skrive innlegget over) heime i Skivebakken. Monty sjølv står på kjøkenet og kokar middag.
Du trur kanskje det luktar kebab og grandis i heile huset hans no? Då tek du feil. Monty steiker nemleg fisk - anten lyr eller sei. Eller begge deler.
Så alle flotte ord om kebab og grandis i teksten over kan like godt slettast; Monty er ein fiskemann tvers gjennom. Meir enn det treng vel ikkje seiast.
Klemz Abe

4:16 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Kebab og grandis er helgemat. I dag er det måndag og då lyt ein eta fisk. Slik er det bestemt. Mon tru om ikkje det snart kjem ein fiskegrandiosa. Dei har jo så monge forskjellege typar etter kvart.

p.s. Abe sa at kaffi er dritdårleg og at Tamburo ser ut som ei jenta. Dessutan meinte han at Rex er eit mekketryne. Ikkje veit eg kva han meinte.

5:08 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Sludder og vrøvl. Eg ber Monty gå inn i seg sjølv og tenkja seg litt om. Når du er klar kan du koma attende og skriva eit sakleg innlegg. Forresten sa Tamburo og Rex at du brukar å tissa oppi senga om natta og at du difor no må bruka kona di sine bind. Tena Lady, trur eg det var. Veldig stilig.

5:46 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Bloggarar frå Sunnhordland kan vinna iPod, her: http://stud.hsh.no/lu/inf/langenetter/konkurranse.htm

10:06 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Her var det mykje rare kommentarar på ein nyleg oppdatert blogg! Ikkje veit eg kva eit mekketryne er, og eg stiller meg i utgangspunktet tvilande til at Abe kan ha ytra noko sånt om underteikna!

MEN: det var før eg såg kven Abe - i si totalt ukritiske jakt på nye nettvener i eit forsøk på å knusa rekorden til den omstridte datanerden ANIMAL-ANDIKK - har sørgja for at Superbravo no er vener med på myspace:

http://profile.myspace.com/index.cfm?fuseaction=user.viewprofile&friendid=87856431

To fjortisjenter frå amerika som syng klissete balladar om kvisete gutar og hormonelle problem. Dette får meg til å tvila litt på Abe si dømmekraft og mentale helse for tida. Det skal nemnast at han blei observert spradande rundt i berre stilongs og kvit jogge-T-skjorte med arabisk påskrift på då han sist vitja Bergen by. Like etter blir det fortalt at han skal ha klappa, hoia og høgt snakka drit om heimlandet til ein stakkars døv kunstnar, som i tillegg var del av ei etnisk minoritetsgruppe.

Alle utsagn frå Abe bør difor av nemnde grunnar takast med ei klype salt - bortsett frå det han sa at underteikna Rex Bravo og ein viss tamburmajor hadde fortalt han om Monty B. Det er sjølvsagt heilt sant.

11:58 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg veit ikkje heilt kva grunnar Rex har for å komma med syrlegheitar retta mot den sympatiske trommisen i Superbravo Band, men eg stillar meg endå meir uforståande til at han og ein viss feminin tamurinaktivist sit og spekulerar i sengeveting og damebind. Er det slik og forstå at det har oppstått romanse mellom dei to, og at dei har utvikla ein slags damebindfetisj? Så sit dei der og ser for seg Monty iført damebind, mens dei stryk kvarandre på magen og bit kvarandre i øyreflippane. Sjuke folk!!!!!!!

11:29 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Svar til Rex Bravo sin kronikk, publisert på Behave as never before klokka 11.58 pm.

At du no tek ein Aulie og heng ut oss kjendisar på direkten er ei skam. Abe er uskuldeg til det motsette er bevist. Men det skal nemnast at du hadde eit par gode poeng - sjølv om det var endå fleire overtramp. Akkurat no sit du fast i ein stor, kjøtetande salat!

Stilongsen og t-skjorta står eg inne for. Om eit par år kjem du også til å gå med slike klede - to år etter moten, som vanleg.
Dei to søte jente er blitt vurdert i fleire månader. Dei skriv vakre tekstar og er eit symbol for kunstarar på begge sider av dammen. Flaks for deg at dei er venn med deg og.

Og det var vel strengt tatt Rex som dolka den svarte finnen i ryggen og kom med syrlege og sarkastiske spådomar og konspirasjonsteoriar. Steinkasting i glashus er noko velferdsstaten Noreg er kjend med. At Rex Bravo er ein steinkastar var nytt for meg og andre oppegåande folk. At han spelar i eit danseband er inga nyhende. Om Rex om få år kjem til å ha hockey-hår, rullings og klogge medan han spelar rundt i ymse idrottshallar saman med Scandinavia skal eg ikkje svara på. De, kjære lesarar, kan trekkja den konklusjonen.
Abe

2:09 p.m.  
Anonymous Anonym said...

kast ein stein så hardt du kan. det var jo han som kasta først.

3:36 p.m.  
Blogger A. Hellsten said...

God dag, kjære Bravos og alle andre!
Eg har vanskeleg for å forstå kor denne debatten skal enda. Difor føreslår eg at alle er vener og skriv fint om kvarandre.
A. Hellsten

5:09 p.m.  
Anonymous Anonym said...

eg er einig med arvid. no føreslår eg at med sette ein stor strek over det heile og er vener. splid og missnøye gagnar ingen.

5:27 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Mange innlegg på kort tid tyder på at det var på tide at redaksjonen i behaveasneverbefore lot redaktøren få ordet igjen. Men kvar vart det av alle tankane rundt grandis, kebab og kaffi? Etter at Montyen opnar så fint renn heile innlegget rett ut i sanden. At Abe går rundt i skeisedrakt og argumenterer med tissing og bind, er noko me allerie visste han gjorde.

Arvid prøver å få roa ned gemyttane fordi han ser Abe er på tynn is. Noko som sjølvsagt var på sin plass og kan i utgangspunktet få Arvid til å virke som ein sympatisk fyr. Det vert sagt at relasjonen mellom desse to er tettare enn kanskje mange har trudd. Men etter å ha vitja frilansskribenten si heimeside, der han heng ut både behaveasneverbefore og alle venene hans, må eg sei at dette var under beltespenna. Det er jo nettopp Abe, den tette relasjonen, som har bidrege til at store negative ladningar her bombadert denne bloggen.

Mykje tyder på at dette er eit forsøk på å stjele all merksemd frå denne bloggen, og deretter prøve å skape sitt eige harmoniske univers som tek avstand frå ryktespreiing og skitkasting.

Dette er jo sjølvsagt gjennomskua av både underteikna og alle venene hans for lenge sidan. Vonar at alle tek avstand frå slik propagnade som me møter her, og blir med vidare på reisa i regi av behaveasneverbefore.

9:45 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Flott å sjå at redaktøren kom på banen her. Trist at han pirkar borti A. Hellsten - mannen har aldri vore stygg med nokon, men fylgt bravos på tur og skrive objektive reisebrev.
Det er også synd at Baard sår tvil om relasjonane mellom meg og Hellsten. Ja, me bur i same by, men det gjer også 400 000 andre Oslo-borgarar.
Eg set også lite pris på at det er Abe som må ta heile støyten her. Formodar redaktøren ikkje har lese Rex og Monty sine innlegg, sidan han framstår så dårleg oppdatert. Dette kjem du vel til å dementera? Eller må me ta ein runde hjå PFU?
Elles er det kjekt å vera på bloggbesøk hjå deg, gode ven!

10:57 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Grattis med ny bassgitar kjellemann.. finfin var den også.. skikkelig rockebass!! herlig.. no e det bare å la håret gro..
kanskje du legger ut ett bilde av den nye herligheten? forresten hva skal barnet hete? alle rockebasser har et pikenavn vet du!!

12:46 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Karane i "Super Bravo Band" er sjølvsagt førstesidestoff på innsida.no om dagen:

http://innsida.no/hoved.asp?sek=9®i=1

Dei har spelt på "Areana" og gjort det godt der, til liks med underteikna.

Den nye bassen til Baard tar seg godt ut!

3:02 p.m.  
Anonymous Anonym said...

mogleg du må kjøpe deg endå ein bass kjellemann.. her fann eg nemleg ein flott link.. sjekk ut snarast!!
http://finn.no/finn/bap/object?finnkode=9693523&sid=15aPoIZfgK974637&pos=22&tot=623

12:14 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Takk takk, Animal. Håret er allerie nådd øyrene, og det er berre eit tidsspørsmål før eg stiller med svart countryskjorte med raude roser. Barnet har føebells ikkje fått noko namn, men sidan det kjem i frå Japan må det få ett namn henta derifrå, synest eg. Kom gjerne med forslag, japanske pikenamn er ikkje heilt styrken min.

1:52 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Bassanova, jakten på kjærligheten er avslutta, det vart til slutt ei jente ifrå Japan.

2:05 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Hei igjen kjelli.. selvfølgelig burde navnet være japansk, å i den forbindelse er eg vellvillig med mine forslag.. etter litt forskning har eg funnet ut følgende. japanere bruker ofte navn med en spesiell betydning. eg har funnet fram følgende valgalternativer til deg: Yukihime : snøprinsessen
Ume : japansk aprikos
Tenshi : engel
Toyomi : veldig vakker
Saijo : begavet kvinne
Misako : trofast jente
Musume : datter
Onohime : prinsesse
Koto : japansk harpe
Kinkai : gullklump
Keisho : vakker opptreden
Joseibi : feminin skjønnhet
Hamako : kystjente
Amaterasu : solgudinne
Aiko :kjærlighetsbarn.

Her er det bare å slå seg løs!! Løkke til..

2:23 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Kinkai må vera eit godt namn, sidan bassen er gullbelagd. "No tar eg kinkai`en og går!" Det klinger fint.

11:01 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Her ser eg det har vore rolig ei stund, og eg skal vere den første til å ta sjølvkritikk til årsaken av dette. Men når det er sagt har lesarane kanskje merka at det i seinare tid har kome eit konkurrerande alternativ til på verdsveven, kalla Facebook. Det er sjølvsagt med klump me registrerer at fokuset no er snudd frå god gamal tradisjonell blogging, til nymotens skriblerier, der Big brother har full kontroll over kva som skjer. Redaksjonen i behaveasneverbefore var lenge i stuss over kva dei skulle gjere med situasjonen, men kom likevel fram til at "for å møta dagens ungdom, må ein vere til stades der der dei er" Difor vil du med eit enkelt søk på Facebook oppdage at det også fins eit eige forum der, ja som også heiter behaveasneverbefore. Litt ny profil, men fortsatt med den same folkelege tonen me til tider har hatt her i forumet vårt. Ta gjerne turen innom der, men ikkje gløym den orginale varianten. Facebook er nemlig omtala som ei virituell døgnflåge. Me lyt sjå om dette viser seg å vere sant.

3:49 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Mykje gode forslag til namn, Animal. Har gått gjennom lista mange gongar, vurdert dei opp og ned i mente. Har til og med prøvd å uttalt namna på mi eiga dialekt, mens eg tar bassen min og går. Av alle dei flotte namna, var det likevel Monty sitt forslag, Kinkai, som gjekk av med sigeren. Kinkai er eit flott ord som smakar godt i munnen når ein seier det, og let like godt på sunnhordlandskdialekt som på orginalspråket. For dei som har sett den japanske gullklumpen vil også kunne dra parallellar med gull og grøne skogar når dei ser plekterbrettet.

Elles må eg få ynskje deg ein fortsatt fin tur i verdsmetropolen, New York. Var innom på Google Earth, men fann deg ikkje der. Prøv å gå ut i litt meir opne terreng, slik at eg kan sjå deg. God påske.

4:09 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Flott navnevalg kjelli.. Kinkai var ogsaa innefor mine favoritter! Skal prove aa komme meg ut i aapent lende her borte, men det er jammen ikke enkelt i en by med 9millioner innbyggere!! Sjekk ut centralpark en gamg i femtiden norsk tid i morgen.. vis du ser en naken hvalross av en viking som ligger aa velter seg i solen er det med stor sannsynlighet meg! vel, rock on and tay cool.. c ya soon my friend!

4:42 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Trur kanskje facebook har tatt heilt overhånd her, eller koss e da med den saken?

10:46 p.m.  
Blogger Arne said...

Eg e stum av beundring... 25 kommentarar, heilt utrulig. Smake forresten "Freille" kaffi godt?

2:35 p.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Tok meg ein tur innom bloggen etter gamalt, og jammen meg var det liv å sjå. Til og med språkforskar og filolog, Arne Stautland, har har lagt igjen ein liten signatur. Korleis går det med isopor-flyet forresten?

Skal innrømma at underteikna har registrert seg på Facebook, og kanskje fått seg nokre vener der. Når det er sagt legg dykk kanskje merke til ein annan manns fråver her på behaveasneverbefore. Ja, for kvar har Abe gjort av seg? Prøv eit nytt søk på Facebook under pseudonymet Vidar Hope. Det du då vil oppdage er at underteikna sine 5 minuttar med dagleg facebook-aktivitet, bleiknar noko i forhold.

9:43 p.m.  
Anonymous Anonym said...

No vil me ha eit nytt blogginnlegg. Eg stikk innom veven i blant for suga til meg inpulsar og kunnskap, men i desse facebooktider tykjer eg veven har vorte statisk og likegyldig. Kvar er samfunnskritikken og dei spissformulerte utspela me har vorte vante med gjennom bloggen som medie? Kvar er den gode samtalen og dei oppheita diskusjonane? Facebook må ikkje få kvela oss!!!

11:19 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Heei..våkn opp!! Hører du!! Våkn opp!! eg giddar ikke se den grandis, kebi og kaffe overskriften en eneste gang til.. eg tørster etter noe nytt.. Kom igjen, slutt å tulle rundt i stoltzekleiven. sett deg ned foran pc'n å skriv no!!!!
Behaveasneverbefore, hiv ut en brannfakkel, en giftig tunge og en sirlig penn eller bare kom med en lykkelig oppdatering. samme for meg bare nokke skjer!
-love-

3:28 a.m.  
Anonymous Anonym said...

No sit eg ved sida av bloggeigaren i Kirkegaten. Han lovar med kross på halsen og ti skarpe knivar i hjartet at han skal skriva eit interessant innlegg snart.

Det skal handla om sumar. Nei, me tenkjer ikkje på kvitvin, krabbe og solsteik: Bloggeigaren skal ta for seg dei tinga som ikkje er så greitt med sumaren. Til dømes solbrent hud, myggstikk og varmt øl.

12:30 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home