lørdag, desember 16, 2006

FørjulsjulekoS.
For at ingen skal ringe på i feil hus, eller komme feil dag, er det viktig å presisere noen punkter:

- alle er velkomne
- 18.desember

- 19.00
- Kirkegaten 10
- gratis
- åpen mikrofon(GJERNE planlagt..)
- antrekk: rødt og grønt(hallo - det er jo førJULskos?)
- enkel bevertning, men det skal dere få slippe å tenke noe på!

Men flere punkter enn dette er det ikke godt å få med seg, så det får holde for denne gangen!

fredag, desember 08, 2006

Nytt agurknytt



Heilt sidan eg var liten gut på Hystad Barneskule, har eg hatt eit litt anstrengt forhold til kommareglane. Ikkje berre for at dette er tørt og kjedeleg stoff, men også for at det ikkje alltid er like enkelt å plassera kommaet. Her kjem derfor ein liten repetisjon for meg og alle andre som treng ei lita oppfrisking i grammatikken.
Dersom nokre av lesarane har andre forslag til eksempler, vert desse sjølvsagt teke inn til vurdering.

Komma mellom setningar

Oppvasken er stor, og eg har ikkje oppvaskmaskin.

Komma foran men

No bør eg vaske opp, men eg vil ikkje.

eller

Eg vil ikkje vaske opp, men eg bør.

Komma foran leddsetning som er laust tilknytta

Eg går innom kjøkenet for å hente mat, sjølv om eg tar helst omvegar for å sleppe å sjå oppvasken.

Komma etter leddsetningar

Dersom oppvasken står lenge, kan det byrja å vekse ting frå den.

(lesaroppgåve: Kva farge får kaffigrut som har stått over lang tid?)

Komma ved forklarande eller presiserande tilføyelsar

Eg, mannen som ikkje likar å vaske opp, ynskjer meg oppvaskmaskin til jul.

Komma ved svarord, tiltaleord og utrop

Sjå der, er det ikkje ein einaste rein kopp igjen?

Komma etter innskoten leddsetning

Oppvasken som står på kjøkenet, er min.

Komma mellom ledd i opprekning dersom det ikkje står nokon konjunksjon

Spagetti, speilegg, ris og pastasaus.

(alle desse tinga er svært vanskeleg å få vekk dersom det står over tid)

Komma etter leddsetning som står først i ein heilsetning

Då oppvasken skulle takast, fann eg ikkje oppvaskkosten.

(gjekk då inn i stova for å sjå Jakten på kjærligheten)