onsdag, november 15, 2006

Eg hugsa å gå til tannlækjaren




Ja, då sitte eg her med følelsen over at det einaste konkrete beviset eg hadde igjen på at eg var vis, er no teke i frå meg. Samstundes er det lite med følelse i stort sett heile venstre halvdel av fjeset. Både tunge, nase og området bakover logga ut for ein god periode, men er no på veg attende, med ein liten dose smerte med seg. Brått og brutalt blei to rakkarar, som ikkje heilt klarte å vekse rett opp slik som dei skal, fjerna i frå venstre side oppe og nede, heilt bakerst i tanngarden. Sjølve trekkinga gjekk vel egentlig greit føre seg, og tannlækjaren let vel over evna mi til å takle situasjonen som ein mann. Faktisk syntest han at alt hadde gått så bra (gjorde også eit par andre justeringar, uten bedøvelse!) at han gav meg ein kompentasjon som dekka nesten heile straffegebyret for førre ikkje-møtte-opp-time. Likevel er det ikkje gratis med tannlækjarbehandlig i ein time, det kan nemnast. Jaja, no som all visdom er tappa ut av meg, får me berre spele på sjarmen i fortsettelsen, veit ikkje noko anna råd eg. Over og ut

7 Comments:

Anonymous Anonym said...

Aiaiai.... Life is pain. Godt å høre at din helsetilstand er på vei opp igjen. Har vært litt bekymra for den i det siste. Får du nok mat på Aukra eller skal jeg frakte opp litt kjøtt for eksempel? Never say never again!

9:20 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Mulig du får sparken i kirkegaten køntri no som all visdom er borte! Eller ligger det noen stubber å lurer på høyresiden? Finfin Bravokonsert forresten.. Flinkisbassen låt finere en på lenge! :)
Rykte forteller at det blir jul i kirkissen i år og, stemmer dette? Håper på en torsdag for eg skal vekk alle helgene i desember:(
hohoho

2:16 p.m.  
Blogger Anne Lene said...

hei! eg kom over bloggen din ved en tilfeldighet...og så oppdaga eg ditt interessante visdoms-tann-innlegg, og eg undrar meg: korsn fant du ut at tannlegen mått fjern visdommen din. Kom det til deg av seg sjøl, eller sa tannlegen det. For eg har en visdomstann eg ikkje vet ka e sku gjør med...kanskje kommer visdommen til meg når tanna kommer helt opp...men e det verdt å vent på??

11:08 a.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Sjå der du, 3 comments frå 3 ulike personar. Rett og slett ny rekord.
Først til deg, Anonymous Nordbye. Har akkurat ankomme Aukra, og det ser førebels ut som om at det er nok kjøt i systemet. Men skulle det skrante på råvarene, veit eg sjølvsagt kvar eg skal henvende meg. PS. Ryktene seier at frysaren i Kirkegaten er snart tom for kjøtdeig, delvis grunna eit heidundrande tacoparty for ei vekes tid sidan. Ta kontakt med Bjørnar for meir informasjon angåande korleis ein praktisk skal løyse dette. Never say never again, that's for sure.
Så til Animal-andikk Bjordal. Kan meddela at høgresida også leid same skjebne som venstresida for ei god tid attende. Så dersom Kirkegaten køntri krev eit visst intellektuelt nivå, noko som kom litt overraskande på meg, så heng nok medlemskapet mitt i ein tynn tråd. Trur du eg kan få meir tillit med å vere med å kore meir?
Kanskje legge på ei andrestemme?
Når det gjeld jul i Kirkegaten vert det sjølvsagt også ei tilstelning i år og, men då under namnet; Julekoz i Kirkegaten. Har vore i dialog med Bjørnarboy, og har kome fram til at mandag 18.des er ein høveleg dato. Som du ser er dette ein mandag, og passar perfekt inn i dine planar. Hugs å ha klart eit kreativt innslag. Dette gjeld også deg, Anonymous.
Til Anne Lene må eg sei at trekkinga av visdomen kom nok ikkje heilt av seg sjølv. Klok av skade hadde eg i samråd blitt einig med tannlækjaren om å ta kontakt så snart eg merka at området rundt tenna viste antydning til irritasjon. Det gjorde eg denne gongen, men sist måtte eg på ein liten pencilinkur, grunna eit meget irritert tannkjøt. Har berre eit råd å gje angåande visdomstanna di; Bli kvitt den, og spel på sjarmen slik som meg. Funkar fint.

10:26 p.m.  
Anonymous Anonym said...

bra novelle:)

11:52 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Kan du vera så snill å slutta med da der tannsnakket?!? Trur eg blir gal snart!! No har me vore på lang Joanna-turne og da einaste du snakka om e tennene du IKKJE har. E da mulig?? Makan te flinkisnykke. Tør ikkje tenka korleis du blir den dagen du virkelig får vondt ein plass. Makan. Hadde da kje vore for at du e den mest sjarmerande halvbømlingen på kontinentet, ville eg blitt skikkelig sint.

4:43 p.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Eg ser her at Abe har lagt igjen ein liten signatur. Litt positiv lada, men mest negativ. Sjølv om eg ikkje kjem til å legga meg flat for for alt tannsnakk-kritikken, skal eg likevel vere med på at den etterkvart vidkjente trekkinga vart nemnt når eg såg situasjonen høvde seg slik. Egentlig merkeleg kor ofte det passa å fletta det inn. Når Abe antydar at trekking av visdomstenner ikkje er prega av smerte, kan det for meg virke slik han aldri sjølv har trekt noko visdomstann. Om dette er på grunn av alder eller utvikling, seier historia ingenting om.

8:35 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home