torsdag, juli 06, 2006

Ei veke går fort

Då var me på plass igjen oppe på Aukra. Skal innrømma at ei veke avspassering kanskje var i minste laget. Overgangen frå vannski i Bømlafjorden til anleggs- og brakkeriggar kor långt auga kan sjå, er noko i drøyaste laget. Godt var det då at lågtrykksteorien min svarte godt med forventningane mine. For akkurat i skrivande stund tordnar, smell og høljar det ned rett utanfor vindauga mitt. Vonar at det held seg slik, ja, i cirka 14 dagar.

Ellers kan det nemnast at det kræsjlanda ei humle rett under auga på meg då eg var ute å jogga i stad. Greit nok det, alle kan gjera feil av og til. Men var det naudsynt å fly med bakpartiet først, slik at det einaste naturlege å gjera var å fyre av ein salve med gift? Eg stiller meg heilt uforståande til slike handlingar, og har ikkje medkjensle med humla som truleg endte sine dagar i fjeset mitt.









© Norsk Hydro