fredag, desember 08, 2006

Nytt agurknytt



Heilt sidan eg var liten gut på Hystad Barneskule, har eg hatt eit litt anstrengt forhold til kommareglane. Ikkje berre for at dette er tørt og kjedeleg stoff, men også for at det ikkje alltid er like enkelt å plassera kommaet. Her kjem derfor ein liten repetisjon for meg og alle andre som treng ei lita oppfrisking i grammatikken.
Dersom nokre av lesarane har andre forslag til eksempler, vert desse sjølvsagt teke inn til vurdering.

Komma mellom setningar

Oppvasken er stor, og eg har ikkje oppvaskmaskin.

Komma foran men

No bør eg vaske opp, men eg vil ikkje.

eller

Eg vil ikkje vaske opp, men eg bør.

Komma foran leddsetning som er laust tilknytta

Eg går innom kjøkenet for å hente mat, sjølv om eg tar helst omvegar for å sleppe å sjå oppvasken.

Komma etter leddsetningar

Dersom oppvasken står lenge, kan det byrja å vekse ting frå den.

(lesaroppgåve: Kva farge får kaffigrut som har stått over lang tid?)

Komma ved forklarande eller presiserande tilføyelsar

Eg, mannen som ikkje likar å vaske opp, ynskjer meg oppvaskmaskin til jul.

Komma ved svarord, tiltaleord og utrop

Sjå der, er det ikkje ein einaste rein kopp igjen?

Komma etter innskoten leddsetning

Oppvasken som står på kjøkenet, er min.

Komma mellom ledd i opprekning dersom det ikkje står nokon konjunksjon

Spagetti, speilegg, ris og pastasaus.

(alle desse tinga er svært vanskeleg å få vekk dersom det står over tid)

Komma etter leddsetning som står først i ein heilsetning

Då oppvasken skulle takast, fann eg ikkje oppvaskkosten.

(gjekk då inn i stova for å sjå Jakten på kjærligheten)

10 Comments:

Blogger Helge said...

Flott haug, det der!
Svaret, på lesaroppgåva, er: Kvit.

9:15 a.m.  
Blogger Toffer said...

Eg, Toffer, koste meg når eg leste innlegget, men Helge har nok ikkje latt gruten stå lenge. Då ville han visst at fargen er grønn, ikkje kvit. Liker du kommareglene, kan du få lese hebraisk grammatikk denne uken. Der er det flere godbiter.

4:36 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hmmm. nokså trist å lese om disse kommarehlene.. ikke kjekt for en dyslektiker å svelge dette her.. kan jo bare nevne at komma nok er en medvirkende årsak til at eg må ta nynorsk eksamen på nytt til sommeren.. jaja.. kanskje eg skal søke hjeøp hos deg då kjellemann, du later jo til å hastålkontroll. noe som minner om at stålbørste hjelper mot mye skitt og størknet saus.. godt å se at oppvasken i kirkegaten ikkehar blitt mindre siden eg hadde oppvaskjobben! kjenner igjen flere av objektene på bildet. gode minner!! Lyke til..

8:02 p.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Flott å sjå at kommareglane er teke i bruk i kommentarane. Dette er noko me i språkrådet, avdeling Kirkegaten 10, set pris på. Når det gjeld lesaroppgåva var det nok Helge som gjekk av med sigeren, i alle høve ut i frå mine forutsetningar å vurdere. Etter elleve månadar i Den Norske Marine, kunne eg registere at kaffigruten i traktaren heime i hybelen på Stord, hadde skifta både farge og konsistens. Likna egentlig på ein heilt kvit stein, forma som ei pyramide. Difor, gjev eg deg, Helge, karakteren S, med kommentaren; Du er flink å gjere alle heimeleksene dine og skal difor få lov til å ha med deg chips og brus på skuleavslutninga før jul. Toffer har eg valt G minus, med begrunninga; Du skriv bra, men med feil svar blir det trekk. La dette vere ei åtvaring, så slepp me å sende melding heim til foreldra dine før jul.

2:56 p.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Til Andyboy har eg følgande å sei;
Det er fleire av oss som slit med både grammatikk og sidemål. Då er det godt å kunne samlast om ein felles interesse, som her kan synast å vere manglande oppvask i Kirkegaten 10. Må berre ta turen bortover til gamle trakter, så kan me sitja på taket å le å prate skit. Reknar med du kjem den 18.des på Førjulsjulekoz. Ta på deg den flotte køntri-skjorta med dei raude rosene, og still gjerne med ein låt eller to i bagasjen. Denne invitasjonen gjeld også for alle andre som kun les denne bloggen, men ikkje legg igjen kommentarar.

3:50 p.m.  
Anonymous Anonym said...

fin invitasjon der du.. 18 er haket av i taket her hjemme.. vi gleder oss, eg å kåno altså! ellers kan eg godt ta turen å le å preika skit før den tid.. har jo fri hele tiden eg vet du.. akkurat som du.. men ka skjer om ennå ei vil sitta å det ikkje er plass? har du en kaffe kopp(helst ikkje laga av kvitt kaffepulver) en formidag denne veko? Forresten er du fortsatt verdsatt i køntriorkesteret, visdom var vist en uvesentlig ingrediens i vår konstelasjon..

11:28 p.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Ja, det blir liksom litt som fiskane i havet som søv og drøymer søtt. Men akkurat no vil eg egentlig heim til ho mor, for å vere ærleg. I morgon føremiddag, altså torsdag 12.12.06, står kaffitraktaren å puttrar på det nyvaska kjøkenet vårt. Denne gongen med Friele frukostkaffi. Ta gjerne turen.

9:31 p.m.  
Anonymous Anonym said...

håper du mener 14.12.06. kanskje eg tar en tur då.. spørs jo når dere har tenkt å stå opp.. skal nemlig kokkelere middag til svigers i morgen.. å då handler det om å levere! mye står på spill!

11:24 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Ville no berre ynskja alle dåke skravlefantane ei god jolefeiring, med eller uten komma. Om nissen kjem i år gjenstår å sjå, men kjenne eg han rett så dukke han vel opp i siste liten.

2:35 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Du er et nydelig stykke menneske. Herlig blogg. Synd med julerocken i Kirkegaten... Får ikke med meg den. Never say never again!

4:15 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home