lørdag, november 11, 2006

Far min lagar sursild










Det nærmar seg julehøgtid, noko som også betyr at årets julemesser/basarar er godt i gang. For oss som har fått denne tradisjonen inn med morsmjølka, veit også at slike tilskipingar krev ofte mykje forarbeid, og at mange personar er i sving. Heime på Stord har NLM si årlege julemesse denne helga, og i år som før er begge foreldra mine engasjerte. Når det gjeld far min sitt bidrag vert grovarbeidet utan unnatak utført på førehand av messa, ofte to-tre dagar før. I år samla han gjengen på torsdag, tradisjonen tru heime på kjøkenet på Ådland. Det vart i fjor skrive eit lyrisk innslag som er til dels beskrivande for kva som går føre seg dei hektiske timane med nøyaktig handtverkararbeid.

Far min lagar sursild

Lauva fell frå trena
Og det byrjar å bli surt
Inne står han far
Kikkar ut og smiler lurt

I ei bøtte ligg det 15 sild
Han sjølv har plukka ut
Han tek dei varsomt opp
Og tørkar dei med klut

Brått ringer det på døra
Han slepp dei begge inn
Per og Jostein er på plass
Let the game begin

Far min skjærer løk
Og legg dei fint i ringar
Dette er ikkje noko jobb
For den med grøne fingrar

Når far min lagar sursild
Er det far min som er kongen
Mor må fint gå ut
Ho veit godt det er sildesesongen

Når far min lagar sursild
Står verda nærast stille
Vert ikkje laken bra
Kan dette gå verkeleg ille

Men far min taklar presset
Og smakar litt forsiktig
Pustar letta ut
Han visste sennepsfrø var viktig

På kjøkenet dei jobbar
Utan noko pause
Far min køyrer hardt
Ingen trådar her er lause

Tjue glas med sursild
Var det dei måtte lage
Tjue glas med dynamitt
For den med følsom mage

Det er tidleg i november
Men far min smiler lurt
Årets sildalag er over
Medan kjøkenet luktar surt

4 Comments:

Blogger Helge said...

Flott kvad! Men er det ikkje tomatsild...!?

1:27 p.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Jo, skal faktisk innrømme at det er tomatsild det går i. Også far min har kommentert det, men han lot det gå. Til mitt forsvar er det lyrisk mykje enklare å jobbe med sursild enn med tomatsild, og det smakar også litt betre. Ikkje sei det til far min.

1:56 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Kjell Magne...Dette innlegget fekk meg faktisk til å sakna litt heim til Sumarøya Stord....Eg trur faktisk ingen andre stadar har så bra julamesser som på Stord...eller jo på Bømlo har dei vel nokre bra messer tenkjer eg...Det som er så trist er at denne helga går den store julamessa av i Sagvåg Bedehus, og kven skal vera i Bergen å arbja??Jo, da e meg...gjekk på ein smell der ja...
Men du....eit spørre som eg må stilla deg når me tenkjer på jul og Stord....det vert vel julajam i år og??Stiller KLØTSJ??det er det som er spørre??

12:50 p.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Tjo hei, Flatøy. Ja, blir julajam i år som før, 22.des på Leirvik Bedehus går det gjetord om. Kløtsj har lova å stilla opp, men vert truleg med ein litt redusert besetning. Men lat ikkje det verta noko dempar, dei gjenverande medlemmene lovar gode svisker og upåklageleg stemning.

11:44 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home