tirsdag, oktober 07, 2008

" No må me hiva oss på krykkjene "

Du har høyrt det før, og har kanskje allereie adoptert det inn i vokabularet ditt. Me snakkar sjølvsagt om det folkekjære uttrykket: ” no må me hiva oss på krykkjene ”. Heilt til no nyss har tydinga for underteikna vore noko metaforisk, og somme har kanskje hevda i lengre tider at det har vore i overdreven bruk, noko underteikna sjølvsagt stiller seg uforståande til. Om det ikkje er så svært, men som likevel kan nemnast, er det vel mogleg at etter den skjebnesvangre fotballtreninga i Bingen på Mannsverk – der utfallet vart 6 veker på krykker, vil det vel tjene saka at det brått vart eit mykje meir naturleg og bokstaveleg uttrykk å bruke enn nokosinne.

Likevel må eg sjølvransakande seie, dersom ein skal gå uttrykket i saumane, at når det først vart omgjort frå ein metafor til ein definert aktivitet, kunne eg heller liksom ikkje seie ”no må eg hiva meg på krykkjene” dersom eg berre skulle til dømes ut å gå ein tur. Nei, då følte eg at uttrykket fortente ein meir konkret og tilpassa situasjon. Etter litt fundering, kom svaret som lyn frå klar himmel då eg var ute ein liten tur for å poste eit brev. For i dét eg skulle kryssa hovudvegen, ikkje langt unna Bingen, merka eg brått at eg var på veg ut i vegen utan å ta omsyn manglande gangfelt eller kryssande bilar - heilt etter gamal vane. Når eg då i sidesynet mitt såg at det nærma seg ein bil faretruande frå høgre, var det berre ein ting å gjera. Jo nettopp, å ” hiva seg på krykkjene ”. Meir konkret og reélt kan ein ikkje få det, og eg følte der og då at uttrykket kom til sin sanne rett, sjølv om eg i etterpåklokskapens namn truleg ikkje kjem til å gjera det igjen - det kan jo nemnast.

tirsdag, mai 08, 2007

På felgen i kjellaren

Etter eit par oppmodingar frå våre trufaste lesarar om livsteikn her på bloggen, kjem her innlegget som dåke sårt fortjener. Årsakene til skrivetørke er mange, og eg skal ikkje gå inn på alle her. Men som kanskje dåke registrert har det vore eit framifrå fint vér i det siste. Også her i vestlandets hovudstad. Faktisk så fint at underteikna rett og slett ikkje hadde medvit til å sitte inne å sjå alle dei faste tv-spaltene til TV-norge, TV2 og til dels NRK1. Nei, då frista det heller mykje meir med grilling i parken, 3-kulers is på Sacken eller ein tulletur til Stoltzen, som for øvrig Animal Andikk var inne på i ein av kommentarane sine. Ei veke med sommar og sol då det normalt sett skulle vore sinte regnbyger og lyn, vart teke imot med opne hender og blei utnytta fullt ut.

Men uventa finver tidleg på våren har sin pris, og dette har underteikna smerteleg fått erfare. Alt starta i det små med at jakka blei lagt på hylla og buksa vart bretta opp kvar gong det var snakk om å ta seg ein tur ut. Vidare vart både sko og t-skjorte kasta, så sant ingen sosiale lovar vart brotne. Slike handlingar haldt fram heilt til det small. Og då tenkjer eg ikkje på lyn og torden, sjølv om veret også vart kraftig redusert i takt med helsa mi. For brått sneik både feber og forkjøling seg innpå meg eit forrykande tempo. Ein elles så aktiv representant av arten blei avhengig av både Otrivin og Paracet for å halda seg i sjakk, og måtte til slutt logga av all aktivitet for å halda seg heime for restituering. Alt dette kunne sporast direkte attende til uvettug bruk av klede.

Som eit produkt av dette, vart dei manglande timane med tv-sjåing frå førre veke teke igjen denne veka. Av dette kan eg nemne at frokost tv på NRK er noko betre enn på TV2, men at Malcom i midten på TV2 er fortsatt Norges seriemeister. Når det gjeld innslaga til TV-Norge har eg ikkje mykje å seie. Sett av ein kveld, og me er sikkert samde om det meste.

La denne historia vere ei åtvaring til neste runde med godversdagar. Sola i Bergen verkar harmlaus, men er egentlig ein ulv i fåreklær som set folk kraftig ut av spel når ho ein sjeldan gong gløttar fram. Abe etterlyste sumarens litt mørkare sider, og dette underteikna sitt bidrag i denne omgong.

Stoltzekleiven. Bilete talar for seg sjølv













Om nokon ynskjer teknikk-og retningsforståing i utespelet Bocca, ta kontakt med underteikna.























lørdag, mars 10, 2007

Grandis, kebab, kaffi

Hmm…tenkjer du no kanskje. Var dette det beste han kom på å skrive om etter eit så langt opphald i skrivinga? Har behaveasneverbefore.blogspot utspelt si rolle når han må ty til skriblerier som dette? Går dette mot slutten på ei kort, men innhaldsrik bloggkarriere?

Vel, det var det første eg kom på. For kva hadde vel livet vore utan? Me snakkar her om tre grunnpilarar som har mykje å seie for mange. Alle har nok eit forhold til ein av dei, mens nokre har eit like sterkt forhold til alle tre.

Ein ting er i alle fall sikkert; dei er alle kome for å bli, og me ser stadig produkta i nye drakter, sjølvsagt for å få oss som slit kreativiteten rundt matlaging til å fortsette å velge det enkle.
Nokre tankar rundt synlegheita til produkta er med dette på sin plass.

Grandisen er nok den beste guten i klassen når det gjeld å marknadsføre seg sjølv. Spesielt på tv. Etter litt testing att og fram av ulike variantar, ville leiinga i Grandiosa Norge at me skulle snakka laurdagspizza for ein periode. Ekte kjærleik vart det sagt. Lang og god tv-reklame med enkel og fengjande melodi fekk liv i den norske folkesjela, som til slutt førte til alle fekk ein ny song i repertoaret sitt. Ny reklame og ny melodi er no på god veg inn til den same målgruppa, altså alle. Og denne gongen snakkar me full pakke. Ja, kvifor ikkje? Ein pizza med alt, alle blir nøgde, og me kan ete den kvar dag utanom laurdag, for då fins det ein jo ein heilt eigen. Eller er biletet litt meir nyansert? For har nokon eigentlig smaka ein av desse to variantane utan annan hensikt enn for å berre teste den ut?

Kebab er vel det me kan kalla ein tungvektar innan orientalsk fastfood. Sjølve marknadsføringa av produktet skjer noko meir i det skjulte enn for kaffi og grandis. Likevel kan ein gå med eit sterkt behov for ein bab etter ein rusletur gjennom byen, der ein støyter på det eine fristande kebabtilbodet etter det andre. Også her kan du få full pakke om du vil, men vær obs på at då vil du og dei rundt deg få oppleve den imponerande overlevingsevna som kvitløksånden har. Somme hoppar over kebaben av reint prinsipp, andre kan gjerne ta bilen å køyre dei ekstra kilometrane som trengs for å få servert den beste kebaben. Utan å prøve å sette kebab og grandis opp mot kvarandre, får dette meg likevel til å undre: Er kebab blitt eit like folkeleg innslag som grandisen?

Kaffi er fortsatt den enklaste drikken å lage av dei koffeinhaldelege drikkane. Og dette er nok ein av grunnane til at det stort sett er råd å få tak i kaffi nærast over alt. Kjem du frå Bergen drikk du Frielle, kjem du frå ein annan plass drikk du også Freille. Me drikk kaffi for å halda oss vakne, fordi me ikkje klarar oss utan, eller berre for å vera kule. Eit uhorveleg stort utval av variantar får somme av oss til å halde oss til den tradisjonelle varianten, laga av ein god gamal traktar. Og det munnar ut i eit spørsmål eg har tenkt på ei stund, og blir samstundes ei verdig avslutning på denne dagens innlegg: Smakar kaffien eigentleg betre med ein runde kaffirens?

torsdag, februar 01, 2007

Tørrpreik

No skulle eg gjerne ha kasta ein ny brannfakkel ut i det tørre bravo-graset, og denne gongen kanskje ha snakka litt om kva bass eg skal kjøpe meg. Eller kor vidt eg skulle behalde den eg allereie har, og heller kjøpt meg noko anna som eg treng. Her kunne eg ha lista opp naudsynte ting som: moccamaster, oppvaskemaskin eller kanskje nye fiskar til det tomme akvariumet i Kirkegaten. Til slutt kunne eg kanskje konkludert med at bassen som eg har eg faktisk så god at den ikkje treng å erstattast. Den tar seg godt ut på scenen og passar i alle slags moglege settingar.

Men det skal eg altså ikkje gjera. Istadenfor ville eg berre takka familien Bravo for fine minner frå førre friperiode, og ser fram til fortsettinga.
Bileta er teke av: Rex Bravo, Størjefotografen og underteikna (mobilfoto i vanskelege lysforhold)








fredag, januar 26, 2007

CD-samlinga mi

Eg sit her i sofaen og ser på cd-samlinga mi, det einaste konkrete beviset på den musikalske identiteten min. To flotte søyler frå IKEA står som eit møbel i nærleiken av anlegget. Den eine i mørk eikefarge, den andre i lys furu. Desse er kjøpt inn kvar for seg, noko som også forklarar den ubetydelige fargeskilnaden.
Frå øverste til nederste hyllemeter finn du musikalske gobitar som med omtanke er sjølv valt ut av cd-samlinga sin far og grunnleggar. På tvers av mange sjangrar finn du løyndomar du knapt kan finne i den største plateforretninga sitt breieste utval, og då snakkar me ikkje om nice price-avdelinga. Ei musikalsk reise som har teke mange år er her representert i ei unik og harmonisk samling, og vil ikkje kunne bli målt i kroner og ører.

Når dette er sagt, har eg berre ein liten ting å utsetje på samlinga slik som den står i dag. I fleire høve der eg skulle finne fram eit album eg er overtydd om at eg hadde, men kanskje ikkje har høyrt på ei stund, har følgande skjedd; albumet var ikkje på plassen der eg trudde, og einaste utveg har vore å måtte leite seg fram i jungelen. Ei slik jakt blir som å famle i blinde, då sannsynet for å spole rett forbi den utvalgte plata har vist seg å vere temmeleg stor. Dette har ført til lange og keisame opphald mellom musikkinnslaga, og har kanskje enda med at ei heilt anna plate har fått plassen i cd-spelaren.

Ein årsak til dette fenomenet, er at det over tid ukritisk har blitt plassert plater på stader der dei ikkje høyrer heime. Her skal eg vere den første til innrømme svikt, men legg også ein del av skulda på fleire av dei musikalske venene mine. Ein annan årsak kan nok vere sorteringssystemet som er bygd opp av svevande sjangrar, plassert i ei rekkefølge eg i den dag ikkje heilt skjønar meg på. Gjev også meg sjølv mesteparten av kritikken her.

Summen av dette har fått meg til å vurdere om det er på tide med ei omorganisering av heile systemet. Men kva skal eg då velge? Alfabetisk rekkefølge slik som Bjørnar har i si samling, eller ei meir konkret sjangerinndeling det går an å sjøna seg på? Her treng eg hjelp i frå publikum, og alle forslag vert teke i mot med takk. Abe kan få lov til å byrja, men eg vil ikkje høyre at heile samlinga må byttast ut, det blir for tynt.


CD-samlinga mi

fredag, januar 19, 2007

Førjulsjulekozmimring

Eg ser at Abe etterlyser eit nytt agurknytt, noko han har sagt ifrå i både skriftleg og munnleg form. Eg er jo sjølvsagt ikkje verre på det at det skal ha få, og blir mitt bidrag til traurige dagar ved redaksjonen i Forsvarets forum. Faktisk er eg litt overraska sjølv over at det har teke så lang tid før eg satt meg ned med pennen og skriveblokka igjen. Det har jo i alle fall ikkje mangla på stoff som fint ville ha fått innpass på bloggen. Som mange sikkert har sjønt slepp redaksjonen her gjennom det meste, men sjølvsagt innanfor rimeleghetens grenser, la det vere sagt.

Som annonsert i førre innlegg vart det altså skipa til ein liten Førjulsjulekoz i Kirkegaten på ein flott vinterkveld før jul. Ein stad mellom 20 og 30 personar tok turen innom, noko som arrangementkomiteen vart svært nøgde med. At ingen av desse kom nøyaktig på slaget kl 19, eller var kledd i enten raudt og grønt, la sjølvsagt ingen dempar på stemninga. Kirkegaten 10 var i seg sjøl så fint pynta og dekorert at julestemninga kom heilt av seg sjølv.

Forutan dei obligatoriske elementa som gløgg, peparkaker og mandariner, hadde komiteen i år som før egne bakverk å skilte til. Av dette kan ein nemne både julemenn og riskaker. At det vart laga 114 sjokoladeriskaker, men at berre maks 30 vart etne opp, kan berre tyde på ein ting; riskaker var tydlegvis meir populært før i gamle dagar, då egentlig alt var så mykje betre. Elles fekk resten av den enkle bevertninga bein å gå på, og me kunne registrere at kassen med assorterte mandariner forsvann som dugg frå solen.

Kvelden i Kirkegaten blei elles prega av både lyriske og musikalske innslag. Dei lyriske linjene var henta i frå arkivet, nærare bestemt poesi skrive av klasse 4b-6b ved Hystad Skule i perioden 1990-1992. Der var blant anna underteikna, Solveig Lønning og Brekkasen elevar. Dikta som vart framført belyste ulike temaer som surrealisme, vinter og vår, og gav også trening i metaforbruk og dobbelkonsonantar. Dikta vart sjølvsagt lest opp av forfattarane sjølve. Musikk vart framført av Hanne Marthe & co, St.Morrtitz, Trygve Eiken, Andy Bjordal og Superbravo Band som avslutta kvelden med ein flett ny brann-sang.


Animal andikk


St.Morritz


Trygve Eiken

lørdag, desember 16, 2006

FørjulsjulekoS.
For at ingen skal ringe på i feil hus, eller komme feil dag, er det viktig å presisere noen punkter:

- alle er velkomne
- 18.desember

- 19.00
- Kirkegaten 10
- gratis
- åpen mikrofon(GJERNE planlagt..)
- antrekk: rødt og grønt(hallo - det er jo førJULskos?)
- enkel bevertning, men det skal dere få slippe å tenke noe på!

Men flere punkter enn dette er det ikke godt å få med seg, så det får holde for denne gangen!