fredag, januar 26, 2007

CD-samlinga mi

Eg sit her i sofaen og ser på cd-samlinga mi, det einaste konkrete beviset på den musikalske identiteten min. To flotte søyler frå IKEA står som eit møbel i nærleiken av anlegget. Den eine i mørk eikefarge, den andre i lys furu. Desse er kjøpt inn kvar for seg, noko som også forklarar den ubetydelige fargeskilnaden.
Frå øverste til nederste hyllemeter finn du musikalske gobitar som med omtanke er sjølv valt ut av cd-samlinga sin far og grunnleggar. På tvers av mange sjangrar finn du løyndomar du knapt kan finne i den største plateforretninga sitt breieste utval, og då snakkar me ikkje om nice price-avdelinga. Ei musikalsk reise som har teke mange år er her representert i ei unik og harmonisk samling, og vil ikkje kunne bli målt i kroner og ører.

Når dette er sagt, har eg berre ein liten ting å utsetje på samlinga slik som den står i dag. I fleire høve der eg skulle finne fram eit album eg er overtydd om at eg hadde, men kanskje ikkje har høyrt på ei stund, har følgande skjedd; albumet var ikkje på plassen der eg trudde, og einaste utveg har vore å måtte leite seg fram i jungelen. Ei slik jakt blir som å famle i blinde, då sannsynet for å spole rett forbi den utvalgte plata har vist seg å vere temmeleg stor. Dette har ført til lange og keisame opphald mellom musikkinnslaga, og har kanskje enda med at ei heilt anna plate har fått plassen i cd-spelaren.

Ein årsak til dette fenomenet, er at det over tid ukritisk har blitt plassert plater på stader der dei ikkje høyrer heime. Her skal eg vere den første til innrømme svikt, men legg også ein del av skulda på fleire av dei musikalske venene mine. Ein annan årsak kan nok vere sorteringssystemet som er bygd opp av svevande sjangrar, plassert i ei rekkefølge eg i den dag ikkje heilt skjønar meg på. Gjev også meg sjølv mesteparten av kritikken her.

Summen av dette har fått meg til å vurdere om det er på tide med ei omorganisering av heile systemet. Men kva skal eg då velge? Alfabetisk rekkefølge slik som Bjørnar har i si samling, eller ei meir konkret sjangerinndeling det går an å sjøna seg på? Her treng eg hjelp i frå publikum, og alle forslag vert teke i mot med takk. Abe kan få lov til å byrja, men eg vil ikkje høyre at heile samlinga må byttast ut, det blir for tynt.


CD-samlinga mi

15 Comments:

Anonymous Anonym said...

Abe e litt treg så eg velger å åpne ballet..
Gå for den klassiske alfabetiske lagoppstillingen.. Her er det viktig at også alfabetet følges innad under hver bokstav!! Ellers kan du kryddre med å sette de artistene du skulle eie flere plater av i utgivelsesårsrekkefølge o.l.
Stjernetips 1: husk å ha litt plass mellom de ulike bokstavene, slik at du slipper å omrokere om du f.eks skulle gå amokk å kjøpe 4 nye Bonnie Tyler plater en dag.. da ville jo alle disse skulle plasseres på T(for du går vel for etternavn). Har du då bajset på leggen å ikke laget litt ekstra rom, vill du møte veggen av plater på U og v og W osv.. Det blir en himmla jobb!!
Løkke til..

5:01 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Ok, Abe sin tur!
Eg vil innleiingsvis starta med å seia at du kanskje lyt byta ut heile samlinga. Den musikalske reisa du har vore gjennom kan minna om ein billeg midtvekes ferjetur med DFDS over fjorden – utan vindauga på lugaren.
Når det er sagt har du jo ei ganske omfattande samling. Mange sjangrar. Heime hos meg har eg vald ein slags topp fem-vurdering i byrjinga av cd-hylla. Det vil seia at Dylan, The Band osb held fortet i dei øvste hyllene. Deretter går det vidare på relasjonane artistane imellom. Van Morrison hang godt saman med The Band. Det gjorde også Neil Young. Naturleg at dei då samlar seg i same området. Elvira og Marit har på ein måte ein relasjon, då debutalbuma deira (som soloartist for Marit sin del) kom ut samstundes og dei blei hypa i media. Luis Armstrong og Ella Fitzgerald heng også saman på eit vis. Det same gjer Trygve Eiken og Jan Eggum. Og det gjorde også Harry Nilsson og George Harrison (mest på puben).
Som du sikkert skjønar no køyrer eg verken alfabetisk- eller genreoppdeling her. Ein må berre ha eit system i hovudet, og så overføre dette til Ikea-hylla. Meir hokuspokus er det ikkje.
(Du undrar kanskje kvar Superbravo band fekk stå? Like bak Dylan, i toppetasjen, sjølvsagt).

Abe

8:55 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Noo ska du Kjelli ikkje ta ein Valla, og bli sur for da Abe skreiv om ferjeturen..-men krumma nakkjen og rista da av deg, på tross av tårene i krokane..
Eg har faktisk sjølv valgt eit "system" som kan minnast om ditt Bård. Fordelen er sjølvsagt at om du kanskje ikkje finn plata som du først var på jakt etter, fordi du har snubla over ei plate og ein artist som du nærmast haddde gløymt at du hadde, men som dukka opp idet du rota febrilsk etter ditt første ynskje.På denne måten får du brukt mange av platene som du elles aldri hadde fått brukt.. Då får ein heller sjå litt stort på om noko knusast andre plater ser ein aldri att og resten nyt du! Your welcome Bård. Forresten gratulera med den store kjærleiken! Da kler deg sussebass..

11:42 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Den store kjærligheten? få høre mer!!

2:27 p.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Sjå der du, her var mange gode tips. Eg ser at dette er ei sak som musikkelskarar med respekt for seg sjølv har tenkt grundig gjennom. Det er godt å sjå at cd-plata fortsatt er høgt respektert og ikkje let seg vike for alle desse nymotens elektroniske filene. Lenge leve cd'en sitt design i skjønn harmoni med eit gjennomarbeidd omslagshefte. Spesiell kred til Andonym som vel å stå opp kl fem om natta for å kommentere, må berre bøye meg for den. Ferjeturen som Abe beskriv kjenner eg meg ikkje att i. Hadde det no til dømes vore snakk om ein tur med MF Os frå Skjærsholmane til Sunde via Ranavik, oppe i salongen, kunne eg inngått kompromiss. Men dette var under beltespenna. Beklagar Skippy, men det måtte nemnast. Elles ser eg at det eksisterar ulike system, alt frå alfabetisk rekkefølge med ”luft”, til ”lært utanattsystem” i hovudet. Eg likar alle forslaga godt, men sidan eg har så mykje å tenke på, og dette er prøvd ut før, blir nok sjanger og relasjonsinndeling lagt til side for alfabetisk rekkefølge. Med luft, Andonym. Dette betyr jo for den våkne lesar at det ligg ein stor jobb føre meg. Og eg ser også at situasjonen som Skippy beskriv når det gjeld å snuble over plater ein nærast hadde gløymt ein hadde, kan forekomma. Ei aldri så liten musikalsk reise står altså for tur i Kirkegaten, og alle som vil kan gjerne få delta.

4:05 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg heng meg på deg, Baard, i utgjevnad av kred til Andikk som stod opp klokka fem om natta. Godt gjort!
Men eg noterer meg også at du er både sur og snurt etter reiseomtalen av underteikna. Kanskje difor du går for Andikk sin tradisjonelle og keisame alfabetiske ordning, i staden for å prøva noko nytt og spanande. Konservative cd-eigarar finns det nok av. Nei, syrlege og sarkastiske nynorskmenn skal ein ikkje høyre på, sjølv om dei kjem med svært gode forslag. Den som ler sist blir uansett Abe. Ha det riktig så flott på denne "svært viktige" skituren din i helga.

Abe

8:02 p.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Eg skal ikkje gje meg ut på ein diskusjon om kven som no er både sur og snurt, men lesarane har nok allereie danna seg eit visst inntrykk. "Den svært viktige skituren" er like rundt hjørnet, og klokka ti over åtte i morgon tidleg har Brekkasen lova han skal vere på plass for å hente meg. Dette til tross for ei svært urokkeleg visdomstann som kosta han 3,5 timar i tannlegestolen i går. Vonar at krigsstemninga har lagt seg litt til eg kjem å vitjar deg i Oslo på sundag. Me vil vel ikkje at Bravoane skal slite med interne konfliktar på sin første opptreden i Tigerstaden?

12:42 a.m.  
Anonymous Anonym said...

eg vil nytta høve til å bidra med min fulle og heile støtte til abe i denne sak. eg har personleg sett gjennom platesamlinga til baard ved opp til fleire høve, og har kvar gong vore rysta av kva mine auge såg. samlinga bør i aller høgaste grad skiftast ut før den vert organisert på den eine eller andre måten. mitt intrykk er at baard ikkje ville sett ut vindauga i lugaren sin sjølv om han hadde hatt mogleheita. ikkje ein gong om han var innlosjert i en lugar med panoramautsikt. når det er sagt vil eg påstå at ei løysing med sjanger- og kjennskapsorganisering ville vore mykje meir hensiktsmessig enn alfabetisk organisering. dessutan ville baard fått alt for mange plater på bokstaven D, når ein tenkjer på alle Dagslandplatene han har. så eg oppfordrar både baard og andre til å gi seg med denne trakaseringa av min gode venn abe (som forøvrig er vert å lytte til når han først kjem med sine synspunkt). håpar dette gav deg noko å tygga på, og at du innser at denne debatten tapte du så det sang.

12:41 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Kjære kjellemann. takk for at du berømmer min insats på de sene nattestimer.. eg ser du får mange ulike tips her. noen er kritiske mot mitt godt utprøvde alfabetsystem, andre er kritiske mot selve utvalget i din samling.. eg valgte i det forrige innlegget å ikke si noe om innholdet i samlingen din.. men kanskje du kan utvide horisonten litt, spesielt i disse tider når du skal kjøpe ny bass og sånn, då må du jo ha cd'er som mathcer en stilig bass og ikke bare plater som matcher warwicken! ellers vil eg også anbefale lp'plater som en kjærkommen tilvekst.. nymotens digitalmusikk kan du bare styre unna.. Ellers ser eg Monty vil at du skal kjøre en sjanger inndelt sammling, det må du ta med en klype salt.. MOnty har kun en sjanger og forholde seg til å hvet med andre ord svært lite om det vi debbaterer.. Jeg var jo på reisefot med vår kjæree monty i høst, å da viste det seg at han kun hadde musikk utgitt mellom 1968-1970, noe begrenset med andre ord!
Alfabetet er sikkert, oversiktlig og kjekt for besøkende for eksempel! spesielt vis en har en del plater, du runder jo to ikeastativer no snart og då begynner det jo å bli en del plater! Lykke til.

6:51 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg vil fyrst og framst støtta alle utsegna til brørne mine Monty og Abe. Og når det gjelder å organisera samlinga alfabetisk kan eg heller ikkje anbefala dette - det er faktisk ein føresetnad å kunna alfabetet, Kjelli.

2:17 p.m.  
Blogger Helge said...

Grattis med dama!

10:03 a.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Ikkje uventa kom den nest siste kommentaren frå ein snart ferdig utdanna adjunkt. Eg arkiverer den i saman med " Er det lynsjesteming ? ", som var eit godt gjennomtenkt ordspel frå Rex før ein litt sein lunsj med familien Bravo. Som nemnt tidlegare er det ikkje alfabetet eg slit mest med, men kommareglane og dobbelkonsonantane. Med dette slår eg herved fast at den noko omtala cd-samlinga i Kirkegaten blir organisert i alfabetisk rekkefølge, men er utseten på ubestemt tid, då eg brått kom på at eg hadde ein jobb oppe i Molde-traktene. Takk for gratulasjonar Helge, kjekt å sjå at den guten er på nett. Andonym si beskriving av Monty si toårige platesamling var både morosam og underhaldande, og tyder på at all Dagsland kritikken frå Monty egentlig er eit rop om hjelp på at eg skal ramse opp alle dei beste platene til Dagsland, slik at han får tips til den sårt trengte utvidinga av cd-samlinga si.

10:07 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Dette kan ikkje stå usagt, så mykje makt har til og med ikkje Baard. At du vel å dra debatten over til Monty si cd-samling, syner at du gjer som politikarar flest: tek den enkle vegen. Saka handlar om korleis Baard Bravo skal organisera cd-samlinga si. Underteikna merker seg det at Baard går for Andikk sitt forslag, og ser på dette som eit hardt spark under beltet - det vil seia midt på koddane.
SJÅ HER: For deg vil det vera lite hensynsmessig å bøya seg heilt ned til golvet når du skal henta ein cd av Neil Young eller Tom Waits. Du vil risikera å få kink i nakke og rygg. Med ei alfabetisk ordning ville desse to fantastiske songarane hamne på golvet. Ved å velgja ei veners vener-ordning slepp du unna dette problemet. Du plasserer Dagsland, U2 og Rudi Myntevik i botnen av hylla - dei SKAL du ikkje røre likevel, og helsa er i behold. Kan du vera så audmjuk å innrømme at me kanskje har eit poeng? Eller er stoltleiken din litt for stor? Skjønar at det kan vera greit å menga seg med Andikk, men denne saka er altfor viktig til å drive med kameraderi.

9:39 p.m.  
Anonymous Anonym said...

takk o takk kjelli.. ser du tar til vet og går for alfabet.. husk luft mellom bokstavene.. til den kritikken fra abe og monty har eg ett par innvendinger.. når eg ser på cdhyllene mine å da igjen spesielt på innholdet merker eg medg følgende. både waits og young havner ca midveis i hyllen, dette skulle jo være bra rent ergonomisk tenkt. Rudi, u2(har selvfølgelig ikke disse to artistene i hyllene mine!) kan du plassere under diverese synder og usanheter, enten i boden eller på loftet, eller helt i bunnen av hyllene der du gjerne plaserer brente cd'er eller annet smårot som skulle kunne snike seg inn i husstanden.. dagsland kan få stå på D, nå har du jo dame å kan skylde på henne.. Lykke til med organiseringen..

11:31 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Vil anbefale filmen high fidelity til alle som har deltatt i diskusjonen. Der får dere sikkert noen tips til andre måter å sortere cd-samlingen på.

1:27 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home