søndag, november 26, 2006

Agurknytt

Heller ikkje idag vil eg kome med noko krast og kritisk innlegg til samfunnsdebatten. Eg har meir trua på solskinnshistoriar og lettfordøyeleg agurknytt.
Ikkje at eg har noko av det heller å tilby idag, men i alle fall ein liten oppdatering kan eg no hoste opp.

Er for tida på jobb på den ikkje heilt sentrale plassen Aukra. Der har eg til no vore nokre dagar, og skal vere her ein del dagar til. I forbindelse med at det nærmar seg jul, vart det i går arrangert julebord for alle dei 3000 personane som jobbar her. Det var ikkje få rettar ein kunne velge i, men personleg konsentrerte eg meg om pinnekjøttet, som eg meinar altfor få åt av. Ikkje veit eg kvifor, det er jo tross alt den aller beste julematen ein kan få tak i, og her kan eg faktisk ikkje inngå kompromiss. Når eg ser attende på det, åt eg så mykje at juletallerkenen med fordel kunne vore redusert med ein eller fleire pinnar samt ein del kolrabistappe. Men slikt går aldri inn, kjem med god sikkerhet til å gå på same smellen fleire gongar til før me rundar nytt år. Det mest kritiske vert nok heime hos mor på julaafta. Makan til pinnekjøtt med tilbehør skal ein leite lenge etter, og eg trur faktisk ikkje det fins heller. No er ikkje eg noko kokk, og eg skal heller ikkje påstå at dersom eg hadde vore ansvarleg for ein julemiddag, ville det blitt ein ubetinga suksess. Men er ikkje kolrabistappa fyldig nok og pinnekjøttet rett salta, er lutefisk eit like godt alternativ. Og då er me plutseleg inne på debatten om lutefisk er ein akseptabel julemiddag. Men den debatten skal eg ikkje ta no, no skal eg faktisk snart sove. Tok feil angåande innlegget mitt, det vart nok lettfordøyeleg agurknytt som vart servert i dag. Me blogges.

4 Comments:

Blogger Toffer said...

Eg likte agurknytt helt frem til du toska deg og snakket om lutefisk.
Med andre ord, kjekt en stund, men det holdt ikkje i lengden.
Lenge leve pinnekjøtt!

1:08 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Lutefisk versus pinnakjøt? Eg våge meg ikkje inn på den debatten. Eit realt minefelt. Skummelt. Du skjønar; eg e ein mann som har levd litt. Ein som har mista eit par visdomstenner (utan å gjera noko stort nummer ut av det). Ein mann som har vore så lenge i gamet at eg veit kva debattar som eignar meg og ikkje. Så eg lar bladet liggja over munnen og ventar på neste agurknytt frå Kjell Johnny.

PS! Dersom eg va ein dyktig bassist (da eg forresten) så ville eg klikka meg vidare inn på denne lenka: http://finn.no/finn/bap/object?finnkode=8839281&sid=7aTeaOwKr468479&pos=5&tot=15

10:36 a.m.  
Blogger Kjell Magne said...

Merkar her at dersom det vert meir prat om lutefisk, kan eg få den eine og andre på nakken. Det vil eg jo sjølvsagt ikkje. Lat oss derfor kalla lutefiskdebatten død, og heller ynskje andre mildare samtalar velkomne. Forslag vert teke i mot med takk.

Fin fotside-gitar, Abe. Er forsatt i tenkeboksen angåande innkjøp av eit slikt nostalgisk og visuelt perfekt instrument. Lovar full oppdatering dersom eit slikt kjøp vil finne stad.

12:06 a.m.  
Anonymous Anonym said...

du sikler på ståbass herr kjelly.
drit i det, rockebass(les: fender jazz, gibson thunderbird, rickenbacker o.l) er mye mer bruksvennlig! jo, ståbass er visuelt flotte saker og det låter jo stilig, men.. betyr dette at du då fortsatt vil svinge deg med flinkis warwick'en når el-bas er mest ideelt? fysj... nei, enten må det bli begge deler(el og stå) eller så må du gå or rock'n roll..
hilsen Andonym

5:09 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home